I sentrum av Solvorn ligg Villa Solvorn som er eit familiedrevet gjestehus med enkle rom, dobbeltrom, felles stue og hage med sitteplasser.
Villa Solvorn har kort avstand til den grøne Lustrafjorden som er ein fjordarm av Sognefjorden. Du kan leige single eller doble kajakkar med årer og redningsvestar. Sikkerheitsinformasjon får du hjå Villa Solvorn.
Sjå omgivelsane som glir forbi i sakte film, høyr vatnet som sildrar, og kjenn på følelsen av å vera i eitt med naturen. Dette må du forevige; Ta med kamera!
Pris: 400 kroner per person for kajakk i 4 timer.
Villa Solvorn har 1 dobbel og 4 single kajakker til utleige.
Ta med:
Kamera, mobil, solbriller, mat og drikke. Ta og med ekstra kle. Hugs å legg dette i poser då det kan bli vått.
Tenk sikkerheit når du er på sjøen. Ha respekt for været og bruk redningsvest eller flytevest. Vær utkvilt, nykter og hensynsfull - og hugs at sikkerheit, miljø og trivsel for alle er eit felles ansvar.