Spelrommet byr på duckpin bowling, ein morosam og litt annleis variant av den tradisjonelle bowlinga, med mindre kjegler og ballar - perfekt for både nybyrjarar og erfarne spelarar. I tillegg finst moderne dartspel, der de kan konkurrera i det klassiske spelet, med ei teknologisk oppdatering. Ei datamaskin held styr på poenga og fortel kven sin tur det er, medan spelarane kan velja mellom ulike spelereglar, for å gjera opplevinga meir variert og spennande. Shuffleboard er tilgjengeleg, eit sosialt og engasjerande spel som passar for alle aldrar.
I tillegg kan du nyta enkle rettar, den beste kaffen i området og eit stort utval øl frå lokale bryggeri. Sportsendingar blir vist på TV-skjermane våre. Er det store fotballkampar eller vinteridrettssendingar på gong så skal me sjølvsagt sørga for at du ikkje går glipp av dei.
Aktivitets- og familieparker
Kamben Kafé & Spel, Myrkdalen
Kamben Kafé & Spel i Myrkdalen er den perfekte samlingsstaden når det freistar å trekkja innandørs. Ta med familie eller venner og gi dei ei utfordring.
© Kamben Kafé & Spel, Myrkdalen
Kilde: Visit Voss
Kontakt
- Adresse:
- Klypeteigane
- 5713
- Telefon:
- +47 47471600
- E-post:
- kundeservice@myrkdalenhotel.no
- Nettside:
- www.norwaysbest.com/nn/myrkdalen/aktivitetar/kamben-kafe-and-spel