Hopp til hovedinnhold
Bestill

Kvar enn du snur deg, er det nokon som skal fortelje deg kva du må gjere for å bli eit sunnare menneske. Helseråda florerer, og dei fortel deg kva som skal til for å bli den beste versjonen av deg sjølv. Men treng du alt dette for å vere frisk og lukkeleg? Nei!

Om noko blir vi sjukare av det utrøyttelege fokuset på å gjere alt rett. I eit samfunn som stadig masar på at vi skal vere perfekte er dette foredraget eit friskt pust, formidla på lettbeint, skarpt og inspirerande vis. I staden for stadig å forbetre helsa, viser Rashidi verdien i heller å bruke helsa til å leve eit godt liv!

Drite litt mer i helsa?

Ved hjelp av vitskap og forskning fortel Rashidi korleis vi kan få betre helse, ved å gjere mindre. Han tek oss med inn på legekontoret, men løftar også blikket så vi kan forstå oss sjølve betre som menneske. Først då kan ein fokusere på dei viktigaste og mest effektive helseråda, og med godt samvit ignorere alt det andre - vere seg kosthoadsråd, treningstips, pillar eller helsesjekkar.

I januar gav Rashidi ut sin fjerde bok - “Senk skuldrene”. Oppnå dine helsemål også, ved å senke skuldrane.

Kaveh Rashidi er fastlege og spesialist i allmennmedisin, og eit kjent ansikt som samfunnsdebattant og prisvinnande lege. Ved sida av sin praksis som lege er han spaltist i Aftenposten og har podkasten Helseopplysningen på Podme.

Visninger

Fosnavåg konserthus (Fosnavåg)
11. september:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Gerhard Voldnes veg 7
  • 6090 Fosnavåg
Telefon:
+47 913 28 908
E-post:
post@fosnavagkonserthus.no
Nettside:

Hvor er Kaveh Rashidi: Senk skuldrene - Fosnavåg?