Bli med på omvising og smaking på Vesle Kinn!
Vesle Kinn er både kaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønne. Du kan bli med på omvising og smaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri. Det er og mogleg å bestille omvising og smaking for grupper gjennom heile året. Ta kontakt på post@veslekinn.no for meir informasjon.
Vesle Kinn
Kaféen Vesle Kinn er open heile året. Her finn du eit rikt utval av lokalt produserte drikkevarer. Gjennom året blir det arrangert quiz, konsertar og foredrag på Vesle Kinn. Opningstider og informasjon om arrangement finn du her.
Kinn Bryggeri
Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggaren og entusiasten Espen Lothe, og lagar ei rekkje smaksfulle drikkevarer i engelsk og belgisk stil. All produksjonen skjer på bryggeriet i Florø. "Vi gjer det på gamlemåten" er mottoet til Kinn Bryggeri.