Hopp til hovedinnhold

Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjer som verst bankar bølger og sjøsprøy på vindauge for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne. Fyret har eigen veirstasjon som sender data til Metrologiske institutt. Dette er kanskje ein av dei plassane i Norge det bles mest langs kysten vår.

Tross at Kråkenes fyr er kjent for sine stormfulle dager er det ein heilt spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, medan du ser sola gå ned i havet.

Korleis komme seg til Kråkenes fyr?

Frå Måløy sentrum køyrer du på Riksveg 618 i retning Refvik og Kråkenes. Etter om lag 8 kilometer tek du av ved skiltet til Kråkenes. Følg vegen vidare i om lag 10 kilometer til du kjem heilt ut til fyret. Vegen er smal og svingete, så køyr forsiktig.

Kråkenes Fyr

Kråkenes fyr vert oppretta av Kystverket i 1906 og er eit led- og innseglingsfyr frå Stadhavet i Kinn kommune. Fyret blei automatisert i 1986 og er i dag utleid til Ytre Nordfjord Turlag som er underlagt Den Norsk Turistforeningen (DNT).

Kontakt

Adresse:
  • Kråkenesvegen 79
  • 6710
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Parkering:
Utsiktspunkt:
Barnevennlig:

Hvor er Kråkenes fyr