Hopp til hovedinnhold
Bestill

Velkommen ombord i MS Venemøy, der både store og små opplevingar ventar dykk! Denne komfortable charterbåten har plass til opptil 38 personar, men er ideell for grupper på 15-25 passasjerar. Med sine 15 meter lengde, tre salongar – to av dei med panoramautsikt – og moglegheit for servering om bord, er MS Venemøy skreddarsydd for å skapa minnerike turar blant Sunnhordlands vakre fjordar, øyar og holmar.

Ute på dekk kan du verkeleg kjenna på naturen rundt deg – perfekte omgjevnader for ei reise som kombinerar avslapping og oppleving. Du kan velje blant fleire flotte turar, som øyhopping i Sunnhordland, eller kanskje ei guida oppleving til det sjarmerande fiskeværet Espevær. Her finn du skjulte perler langs kysten, frå Kulleseidkanalen og Fitjarøyene til historiske kloster på Halsnøy og Fjelberg prestegard.

Uansett kva type tur de ønskjer – frå korte utflukter til lengre reiser – kan Kystoppleving tilpassa turen etter dykkar behov. Kaptein Stian og mannskapet på MS Venemøy er klare til å skapa ei oppleving de seint vil gløyme.

Er dykk ei større gruppe? Kystoppleving kan ordne større båtar i samarbeid med sine partnarar, så ikkje nøl med å ta kontakt.

Moglegheiter for opplevingar:

  • Øyhopping i Nordøyane utanfor Espevær
  • Tur gjennom Røyksund- og Kulleseidkanalen
  • Fitjarøyene og omvising på Engesund visningssenter
  • Museumstur til Halsnøy kloster eller Fjelberg prestegard
  • Matopplevingar på lokalt vis

Opplev det beste Sunnhordland har å by på, og la MS Venemøy ta deg med på ei reise du aldri vil gløyme!

Kontakt

Adresse:
Telefon:
+47 91129707
E-post:
stian@kystoppleving.no
Nettside:
www.kystoppleving.no/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår
Toalett:

Hvor er Kystoppleving?