Opplev Jølster i ditt eige tempo – frå sykkelsetet! Med utgangspunkt hos Kjøsnes Feriehytter kan du trille langs innsjøar, over grøne jorder og mellom fjell som speglar seg i vatnet. Her får du nærkontakt med landskapet, luktene og lyden av Vestlandet – akkurat slik det skal opplevast.
To typar syklar til utleige:
Vanleg sykkel:
Perfekt for deg som vil ha ei aktiv oppleving og ta turen i ditt eige tempo. Passar godt for korte og lengre turar i nærområdet.
Pris: kr 490,- pr person pr dag
Elektrisk sykkel:
Vil du opp bakkar utan å miste pusten? Då er el-sykkel perfekt for deg. Komfortabel og stillegåande, og du kjem deg lengre utan å bli utsleten.
Pris: kr 750,- pr person pr dag
Merk: Kjøsnes Feriehytter har 2 el-syklar tilgjengelege – så her løner det seg å vere tidleg ute!
Passar for
- Par og familiar
- Turgåarar som vil prøve noko nytt
- Gjester på Kjøsnes Feriehytter og andre i området
- Alle som ønskjer ei aktiv og naturnær oppleving
Kvar startar turen?
Utleiga skjer frå Kjøsnes Feriehytter – eit perfekt utgangspunkt for flotte sykkelturar i Jølster-regionen, anten du vil langs Jølstravatnet, til Astruptunet eller berre rulle roleg i nærområdet.