Hopp til hovedinnhold

Velkomne til Lustrabadet, eit av Norges flottaste badeanlegg.

På Lustrabadet finner du Idretts- og familieavdelinga der det tilbys trening, leik og oppleving for både store og små.

På badeanlegget så er det 25m idrettsbasseng med 6 baner som er oppvarma til 27˚C. Med stupetårn på 1m og 3m sviktbrett, 3m og 5m fast plattform.

Like ved kiosken så er det ein klatrevegg i glas der du klatrar opp og slepp deg rett ned i vatnet!

Ynskjer du fart og spenning så kan du sette rekorden i sklia. Sklia har tidtakingssystem, ca 65m lang og 7m fall. - Droppsklia -kort og bratt! -

For dei minste

Knøttebasseng med fontene og sklie som er oppvarma til 33˚C og barnebasseng med luftbobler som er oppvarma til 33˚C.

Vann og velværeavdelinga

Velværeavdelinga har ein roleg og avslappande atmosfære med varmebasseng på 34˚C, som inneheld liggjebenk med luftmassasje, sitjebenk med vatnmassasje og 4 motstrømsdyser. Bassenget i grotta er oppvarma til 39˚C med sitjebenk og vatnmassasje og 10m rett opp i mørket samt skiftande fargelys under vatn gir ei spesiell oppleving!

I velværeavdelinga finner du og dampbadstove og badstove med kvilebenk og dusj. Frå badstoveavdelingen er det dør ut til kulpene under open himmel! Der er det kaldkulp, 8-12˚C og varmkulp med vatnmassasje, 39˚C. "Rulle-i-snøen-sone" om vinteren og sitje- og liggjemøblar sommarstid.

Mat & Drikke

Kafeteria med servering inne i badeanlegget, i resepsjonsarealet og ute på terrassen om sommaren. I cafeen servera dei varme og kalde rettar, is, drikke og kaffi.

I resepsjonen er det sal av badeklede, svømmebriller, badehetter og badeleiker.

Garderobe

Garderobane har låsbare skap (du treng ein tiar) og skiftebås.

Tilpassa rullestol og familie

Det er i tillegg 2 fleirbruksgarderobar tilpassa rullestolbrukarar og familier. Dei har begge polstra heve og senke stellebord med sidegrind, og det finst òg ein dusjstol og ein rullestol.

Kontakt

Adresse:
  • Øyagata 7B
  • 6868 Gaupne
Telefon:
57 68 56 80
E-post:
plask@lustrabadet.no
Nettside:
www.lustrabadet.no

Hvor er Lustrabadet