Hopp til hovedinnhold

Dei vart bygde i tidsrommet 3-500 e.Kr., men var i bruk som gravmæle for Hove-garden sine fremste menn og kvinner fram til 900 talet .

Turvegen «Sylvringen» passerer tett ved den største av dei, Storehaugen, som ligg godt synleg framme på terrassekanten.

Funn av m.a. glasperler og dekorerte leirkrukker viser at det er tale om ei kvinnegrav frå 300- talet e.Kr. Kvinna var lagd i ei to meter lang steinkiste, og må ha hatt ein høg rang i samfunnet.

Det er registrert funn i 6 av dei 9 Moahaugane, 4 av dei er undersøkte av arkeologar.

Gravfunna fortel at dei døde fekk med seg både verdisaker og bruksting til "den andre heimen".

I mannsgraver finn me 2 spyd, skjold og sverd. Det er den germanske standardutrustninga. Piloddar, kniv, saks, spelterningar og ymse spenne er mellom funna frå Moahaugane.

I kvinnegravene finn ein verdisaker som spenne av sylv og bronse, perler av rav og farga glas og andre importvarer . Der er og bruksting som nøklar, kniv , saks, leirkrukker og keramikk.

Kontakt

Adresse:
  • Vik i Sogn
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
+47 911 30 843
E-post:
post@sylvringen.no
Nettside:
www.sylvringen.no/nn/

Hvor er Moahaugane