Mulevika er ei vik eller lita bukt sørvest på Nerlandsøya ved Fosnavåg.
Mulevika er ein populær utfluktsstad, ikkje minst grunna fin sand og store bølgjer. Mengda med sand kan variere stort frå år til år, då dønningane frå Atlanterhavet av og til vaskar den vekk.
Vegen gjennom bygda Kvalsvik endar i ein snuplass og liten parkering. Derifrå går stien ned til Mulevika. Dette er også startpunktet for stien opp til Muletua.
Merk at det ikkje er toalett der.