Jasper og Nynke van Schaik tok over garden då dei flytta hit frå Nederland i 2013. Den berømte nederlandske ostetradisjonen kombinerar dei med utsøkte lokale råvarer.
Myrdal Gård har ein liten geitebesetning og eige ysteri der det produserast forskjellige ostar av eigenprodusert og kjøpt mjølk. Dyrevelferda er viktig, og Myrdal-geitene står på halm i ein stor og lys fjos. Ute har dei tilgang til beite, skog og fjell heile året. Myrdal ost blir seld i utvalde daglegvarebutikkar og spesialbutikkar i heile Noreg.
Myrdal Gård tilbyr omvisningar både i ysteriet og på gården, i kombinasjon med ostesmaking. Pris kr 150 per person (barn opp til 12 år gratis).
I sommerferien er det faste tider kvar dag: klokka 12:00.
Utanom sommerferien er det bare å ta kontakt for avtale. Omvisninga må bestillast på førehand - ring eller sms til telefon 95528264
Myrdal Gård kan ta grupper opp til 50 personar i restauranten. Buss kan kjøre opp til gården.
Om sommaren er gårdsbutikken open, og der blir produkt frå eige ysteri og andre lokalmatprodukt selde.
For opningstider ved Kr. himmelfart og pinse: sjå Facebook-sida til Myrdal gård!