Hopp til hovedinnhold

Ettertrakta fiskeområde

Nausta er ei ettertrakta elv for sportsfiske etter laks og sjøørret. Den store laks- og sjøørretførende strekninga er på 12,4 kilometer. På denne strekninga er det to fossar, Naustdalsfossen, som ligge 1,5 kilometer ovanfor grensa mellom elv og sjø, og Hovefossen, som er 2,9 kilometer lenger oppe i elva. I Naustdalsfossen stanser fisken gjerne en stund etter oppvandring frå sjøen. Fisken passera lettast fossen ved relativt lav vassføring. Den attraktive fiskeplassen nedanfor fossen er bortleid på langtidskontrakt.

Det er få menneskeskapte negative påvirkningsfaktorar i vassdraget og forvaltninga av fiske, saman med utvikling av trusselfaktorar i kystsona og overlevelsesforhold i havet er viktig for langsiktig bestandsutvikling. Dei naturgitte betingelsane for lakseproduksjon er gode, men fjorden truast av det vedtatte gruvedeponiet frå Engebøfjellet.

Ta kontakt med grunneigar for interesse av fisking i Naustdalfossen.

Sikkerheit nær fossen

Ver venleg å respekter at fossen representera sterke naturkrefter, som kan vere farleg. Ikkje berre er straumane sterke om du fell uti, men bakken i nærheita er ofte glatt og våt, mens klippene er bratte og høge. Hald deg til oppmerka sti. Om vinteren er det is rundt fossen, og på våren er vannstanden høg.

Korleis kome seg til fossen

Fossen ligg i Naustdal kommune på riksveg 5, 13 kilometer vest for Førde og 35 minutt frå Førde Lufthamn.

Kontakt

Adresse:
  • 6806 Naustdal
Telefon:
57 72 19 51
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
sunnfjord.kommune.no/

Fasiliteter

Parkering:
Barnevennlig:

Hvor er Naustdalfossen?