Hopp til hovedinnhold
Bestill

Kort blåistur for familiar med spreke born. Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BORN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Sesong: 01. juli - 24. august

Møtetid kl. 10:30

Avgang kl. 11:00.

Nigardsbreen parkeringsplass ved servicebygget med skilt GUIDE.

Totalt ca. 4-4,5 timar.

Totaltid: Båttransport: 15 min. x 2 ev. litt ventetid Gange til og frå breen: ca. time. x 2 Påkleding og kort instruksjon: ca. 15-30 min. Tur på isen 1,5 time

Born berre ifølgje med foreldre. Aldersgrense for born er min. 8 år og maks. 14 år.

Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, hanskar (for borna), matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. Fleire tips om utstyr.

Vaksen kr. 600.- og born kr. 500.- inkl. breutstyr, båttransport på Nigardsbrevatnet og utstillingane på Breheimsenteret.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Jostedal
  • 6871 Jostedal
Telefon:
57683111
E-post:
post@bfl.no
Nettside:
fareharbor.com/embeds/book/bfl/items/186878/calendar/2022/10/?flow=no&asn=sognefjordactive365-nok&full-items=yes&ref=asn

Fasiliteter

Med guide:
Guiding tilgjengelig:
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Nigardsbreen - Spesialtur for born?