Hopp til hovedinnhold

Nordsjøløypa

Nordsjøløypa (The North Sea Trail) er ei internasjonal turløype som går gjennom sju land rundt Nordsjøen. I tidlegare Hordaland går løypa frå Fedje i nord til Sveio i sør. Nordsjøløypa bind saman gamle ferdsleårer og vandringsvegar gjennom kulturlandskapet. I

Nordsjøløypa i Sveio

Sveio går turen frå Mølstrevåg til Buavåg - delvis på sti, og delvis langs riksvegen.

Mølstrevåg – Ryvarden

2,5 km, ca 40 min.

Startar du frå Mølstrevåg går første etappe på grusveg til Ryvarden. Mølstrevåg er ein gammal handelsstad som i dag er prega av industri. På Ryvarden er det ope galleri og kafe i den gamle fyrstasjonen kvar søndag frå påske til jul. I sommarsesongen er opningstidene utvida. På Ryvarden er det òg høve til å overnatta, og besøka "verdas minste museum" i Flòkeløa, der historia om Ramna-Flòke, som reiste til Island og gav øya namn, blir fortald.

Ryvarden – Lyngholmen

4 km, ca 1,5 t.

Turen går nordover frå Ryvarden gjennom ope kystlandskap med lynghei og svaberg. Ta gjerne turen oppom Landsåt, med flott utsikt i alle himmelretningar. Langs ruta kan ein òg ta avstikkaren til gravrøysa like innanfor fyrlykta på Håskru (ca 15 min. kvar veg) og gravrøysa Kongsvarden frå bronsealderen.

Lyngholm – Eltravåg – Hovda

6,5 km, 2,5 t.

Til Lyngholm kjem ein gjennom eit gardstun og ut på Lyngholmsvegen. Turen går langs vegen eit stykke, før løypa tek av på sti forbi Grøndalen og Vikjå til Eltravåg. Her går det igjen på veg til hyttefeltet Sletto, der ein går på sti gjennom garden Nesheim. Her bygde tyskarane ein festning, og den som vil utforska området kan finna eit utal bunkerar, kanonstillingar og skyttarstillingar i området. Frå Nesheim kryssar stien vegen og går gjennom kulturlandskap med beitedyr til Hovda, der ein kryssar vegen att.

"Gullstien", Hovda – Buavåg

2,5 km, 1t.

Stien går gjennom gammalt kulturlandskap på garden Hovda ut til gullgruva, der det blei utvunne gull på 1870-talet. Stien held fram til Buavåg, der gullet blei tatt ut av den gullhaldige steinen. Her står eit 200 år gammalt sjøhus som blei brukt til bøkkarverksemd, sildesalteri, butikk og bustad. Frå Buavåg går det ferje til Langevåg på Bømlo, der Nordsjøløypa held fram.

 

Kontakt

Adresse:
  • 5559 SVEIO
Telefon:
+47 969 13 444
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:
www.sveio.kommune.no

Hvor er Nordsjøløypa Mølstrevåg - Buavåg?