Hopp til hovedinnhold

Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på garden huser i dag moderne konferanserom til 40 pers, serveringslokale til 140 pers, viltslakteri og kjøkken.

Her kan du ha møter og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra av verken andre folk eller mobiltelefonen din. Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.

Bli med på foring av hjorten

Kvar tysdag i perioden 28. juni - 2. august kan du bli med på foring av hjorten på Norsk Hjortesenter. Billetta finn du i bookinglinken over.

Slik går turen

Korleis komme seg til Norsk Hjortesenter

08:45 Avreise med rutebåten frå Fugleskjærskaia i Florø til Svanøybukt

Leig sykkel enten på Svanøy Kro eller Turistinformasjonen i Florø.

09:45 Ankomst Svanøybukt

Sykle 5 km til Norsk Hjortesenter

10:30 Foring av hjorten på Norsk Hjortesenter

Utforsk Svanøy etter foring, og nyt eit betre måltid på Svanøy kro

15:20 Avreise Svanøybukt

15:50 Ankomst Florø

Ønskjer du å tinge bilskyss?

Det er mogleg å tinge skyss til og frå Norsk Hjortesenter.

Pris: 250,- per veg.

Kontakt: hjort@hjortesenteret.no

  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 95

Kontakt

Adresse:
  • Kvalstad
  • 6914 Svanøybukt
Telefon:
+47 577 52 180
E-post:
thor.egil@hjortesenteret.no
Nettside:
www.svanoy.com/Norsk_Hjortesenter/index.html

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
WIFI/Internett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Toalett:
Parkering:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Norsk Hjortesenter?