Hopp til hovedinnhold

Eplegard ved Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden

Hjørundfjord Fruktpresseri ligg inst i Hjørundfjorden, omringa av Sunnmørsalpane og vill natur. Her er det ein lang sesong for besøk på garden frå blomstringa i midten av mai, gjennom ein frodig sommar, fram til epla er modne og innhaustinga startar i september.

Omvising og smaking etter avtale

Hjørundfjord Fruktpresseri tilbyr omvising på garden og smaking etter avtale. Ta kontakt for å avtale tid. Under omvisinga får gjestane høyre den spennande historia til garden og bygda, om kulturarv og sterke røter.
Kombiner gjerne omvising og historiefortelling med ein fjelltur i den vakre naturen. På gardsutsalet kan ein kjøpe med seg dei ulike typane av eplemosten. Elles leverer garden eplemost til fleire restaurantar og serveringsstadar.

Prisbelønt eplemost

Hjørundfjord Fruktpresseri har 3500 epletre, og eit eige presseri der det vert produsert prisbelønt eplemost. I 2023 vart eplemosten kåra til gullstandard i Norges Beste Drikke, og fekk 3. plass for dei både aroma- og discoverymosten som vert produsert på garden.

Gardsdrift i ni generasjonar

På Viddal har folk levd av, og med, naturen i alle tider, og gardane har gått i arv i mange generasjonar. Som 9. generasjon i Pe-garden har vertskapet Inga og Espen Hodne Viddal etablert seg med epledyrking i fotefara til forfedrene som dreiv denne garden før dei. Plantinga starta i 2020, og garden er fortsatt i ein oppbyggingsfase. Garden blir drive etter økologiske prinsipp, og målet er at produkta skal være så reine og berekraftige som mogleg.

Kombiner fjordcruise på Hjørundfjorden med gardsbesøk

Den finaste måten å kome til Viddal på, er med båt på Hjørundfjorden. Hjørundfjord Fruktpresseri har faste samarbeidspartnarar som tilbyr båtskyss frå Sæbø, Øye, Solavågen eller Ålesund. Vertskapet tek imot gjestar på Viddalskaia ved fjorden, og går saman gjennom bygda opp til garden. Ellers er det bilveg hit frå Stryn/Volda via Bjørke. Det er begrensa parkering for bussar, så den beste måten å besøke på for grupper er med båt.

  • Instagram logo
  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Viddal 33
  • 6190
Telefon:
+47 907 61 504
E-post:
hjorundfjord@fruktpresseri.no
Nettside:

Fasiliteter

Med guide:
Barnevennlig:

Hvor er Omvising og smaking hos Hjørundfjord Fruktpresseri?