Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova.
Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Kyrkja vart renovert i 2018 - 2020.
Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.
LOKALBÅT TIL KINN
Reis til Kinn, og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn. Det går lokalbåt frå Florø Terminal til Kinn kvar dag. Det går 5 båtar kvar dag mandag - fredag og 2 båtar kvar dag i helgane. Det blir satt opp ekstra båt på sommaren.
Sjå skyss.no for rutetider. (Frå: Florø Terminal Til: Kinn kai. Du kan kjøpe billett til lokalbåten om bord. Det kostar 49,- for ein vaksen per veg, barn/honnør betalar halv pris. Alle stopp er ringestopp, det vil seie at du må ringe båten før den går frå Florø. Nummeret du skal ringe er +47 94 83 86 99.
TURSTIAR
Etter at du stig i land på Kinn kan du følgje vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Om du har lyst på ein lengre tur kan du ta til venstre når du kjem til første krysset eller du kan gå til kyrkja og gå rundt øya derifrå. Turen rundt øya passar for både store og små og tek omlag to timar. Det er stort sett lett terreng å gå i men noko bratt opp og ned Høgskaret. Det er merka tursti rundt øya og opp "Inste Stauren", den høgste toppen i Kinnaklova. Frå toppen av stauren er det storslått utsikt! Du bør berekne ekstra tid om du går opp Inste Stauren. Ein kan også gå til toppen av Kinnafjellet. Her startar stien frå grusvegen mellom kyrkja og kaia. For meir detaljert turbeskrivelse sjekk Ut.no
Overnatte på Kinn
Det er mogleg å overnatte i det gamle skulehuset, som no er DNT-hytte. Det er kodelås på hytta. Ta kontakt med Signe Nordvik tlf 41 53 05 20 for bestilling av DNT-hytta. Det er også fint å overnatte i telt på Kinn.
Gjestebrygge
Det er ei lita flytebrygge kor du kan legge eigen båt. Prisen er 100,- pr. 4 timar og 200,- pr. døgn. Det er berre plass til ein båt eller to, så det beste er å legge båten i Rognaldsvågen og så ta jolla over til Kinn.
Kinnaspelet
Kvart år, i juni, vert Kinnaspelet vist på tunet framfor Kinnakyrkja. Kinnaspelet er eit historisk spel om kjærleik, hat, truskap, og lojalitet til kyrkja og til menneske. Sidan premieren i 1985 har nær 90 000 personar sett Kinnaspelet. Gjennom meir enn 30 år har Kinnaspelet vore framført mellom bergveggen og steinkyrkja på den vesle øya Kinn vest for Florø.
Kinnaspelet er ei oppleving det ikkje finst maken til: Det naturlege lune og lydvare amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe - ja, berre båtreisa ut gjennom øygarden gjer Kinnaspelet til noko ein ber med seg i lang tid.
Opa kyrkje
Frå skuleslutt til slutten av august vil kyrkja vere opa slik at ein kan ha ei stille stund og sjå seg omkring der.
Eit frivillig vertskap som held til i Kyrkjestova/ kyrkja tek imot deg og er med deg i kyrkja.
Det vil vere tidebøn to gongar kvar dag som tek omlag 20 minuttar.
Guida tur
For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt med Visit FjordKysten på mail@fjordkysten.no eller tlf. 57743000.