Hopp til hovedinnhold

Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og eit av dei mest majestetiske utsiktspunkta i heile regionen. Fjellet ruvar 541 meter over havet og har fått det ærverdige kallenamnet "Dronninga av øyriket". Kva som er opphavet til dette namnet er usikkert – kanskje er det fordi fjellet er det nest høgste i kommunen og dermed ein verdig dronning, eller kanskje fordi Dronning Sonja sjølv har bestege toppen fleire gonger? Uansett gir turen til Pollatinden ei storslått naturoppleving, der du frå toppen har panoramautsikt over dei vestlegaste øyane i Norge.

Turbeskriving opp Pollatinden

Turen til toppen er middels krevjande og passar for deg som er vant til å gå i ulendt terreng. Ruta har jamn stigning, og enkelte parti er bratte med bergunderlag som kan vere sleipt i vått vêr. Turen tek om lag 2 til 3 timar tur/retur, og gir løn for strevet når du står på toppen og ser utover eit øyrike så langt auga rekk. Dette er ei turoppleving du seint vil gløyme – rå, ekte og vestnorsk på sitt vakraste.

Korleis komme seg til Pollatinden?

Frå Bergen køyrer du nord mot Gulen. Frå Rutledal Fergekai tar du ferga som går til Krakhella. Frå Krakhella er det om lag 20 minutt til startpunktet for turen. Du kan parkere like ved start.

Kontakt

Adresse:
  • 6924 HARDBAKKE
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
fjordkysten@gmail.com
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 3.9km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
Total stigning:
  • 541m

Hvor er Pollatinden