Sykkeltur langs fjord med utsikt til fjell og bre
Du syklar gjennom ubebygd strøk, over enger og gardstun og gjennom skogkledde område. Store delar av turen går langs Hardangerfjorden med utsikt til Kvinnheradsfjella og med Folgefonna i bakgrunnen. Utsikta er framifrå heile vegen, og det som gjer denne ruta spesiell er mangfaldet og variasjonen ettersom ein syklar både vestsida, austsida, nordsida og på tvers av øya.
Du får med deg både fjord og fjell, kyst og innland. Du kryssar gardstun med beitemark og blømande enger. På turen passerer du vassdrag og fossefall, båthamner og tjærebeisa bygningar. Ein flott sykkeltur med utsikt mot fjord og ruvande fjelltoppar.
På denne sykkelturen syklar du frå Våge til Uggdal, Onarheim, Lundegrend og tilbake igjen til Våge.
Lengde på sykkelturen
43,5km.
Total høgdestigning
685 meter
Turen sitt høgaste punkt
166 moh. Det når du etter 14 km.
Start og ruteskildring
Start ved fergekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Etter 4,8 km, etter ein har passert Uggdal kyrkje og like før rådhuset i Uggdal, kjem ein til skilting mot Onarheim. Ta til venstre, austover mot Onarheim (13km). Du fylgjer då Uggdalsdalen tvers over Tysnesøya.
Ved passering 8 kilometer kjem du til den gamle ferdslevegen i Uggdalsdalen som er eit freda kulturminne der det finst mange spor etter menneske som levde her i førhistorisk tid. Den gamle ferdslevegen gjekk mellom Uggdal og Onarheim, og mange stadar er han enno synleg. Informasjonstavle står ved innfallsporten til ferdslevegen.
Innerst i Uggdalsdalen startar du på ei stigning til høgste punkt langs løypa ved avkjørsla til Singelstad. Då har du nådd 166 moh. Denne motbakken utgjer ei stigning på 90 høgdemeter fordelt på ein distanse på 3,27 kilometer.
Når du passerer 15,6 km ved Onarheimsvassdraget, kjem du til ein rasteplass med lavvo der det er veldig fint å ta ein pause.
Etter 17,8 km kjem du til Onarheim kyrkje der det er skilta nordover mot Lunde (16 km). I dette krysset tar du til venstre og følgjer vegen nordover mot Lunde.
Den gamle handelsstaden Årbakka
Etter 24 km kjem du til Årbakka. Her kan du ta ein avstikkar ned til sjøen og sjå gamle Årbakka handelsstad og Årbakkavollen, eit fornminne frå eldre jernalder med bautasteinar og restar etter gravrøysar.
Like etter, ved 25,5 km kjem ein til badestranda Klubbavika/Ølfarnes der du òg kan leggja inn ein liten pause eller ein avstikkar ned til stranda. Dette er ei av Tysnes sine flottaste strender med utsikt mot Melderskin, Folgefonna og Hardangerfjorden.
Etter 26,7 kilometer kjem du til Hovland og eit vegkryss der du svingar til venstre, vestover skilta mot Lunde. Her startar òg turen si hardaste stigning opp mot Skaret. Stigninga er på 142 høgdemeter på ei distanse på 2,16 kilometer. Vel framme ved Skaret etter 27,8 kilometer kjem du til du rasteplass der det passar godt å ta ein pust i bakken etter den harde stigninga!
Her kjem fossane rennande ned frå fjellheimen og du er ved startpunktet for fotturen til Hovlandsnuten. Etter 33 kilometer kjem du til eit vegkryss der du tek til venstre og fylgjer riksveg 49 vestover mot Lundegrend og Våge. Det gjenstår herifrå 10 kilometer til Våge. Nokre hundre meter etter krysset kjem du til Lundegrend.
Ved passering 43 kilometer er du tilbake i rundkøyringa i Våge og du tek til høgre i denne for å returnera til kaien og fullenda rundturen.