Hopp til hovedinnhold

Regionen er på sitt mest romantiske på vinteren, og det er fantastisk å ta nokon dagar fri for å oppleve naturkreftene. Reis på stormjakt, vandre i flott kystlandskap, nyt god mat og bu godt.

Værlandet og Bulandet er ei øygruppe lengst vest i landet, og har med sine 365 øyer gode moglegheiter for å gje deg ei stormfull oppleving fylt med vakkert vinterlys.

Ei unik oppleving ved havet

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane Værlandet og Bulandet som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg. Her er eit myldrande dyreliv i Sørværet Naturreservat, og er du heldig kan du oppleve både sel, oter, ørn og hjort.

På Værlandet og i Bulandet kan du vandre på ulike løyper tilrettelagt i naturen. Nordsjøløypa er ei av dei lengste løypene og inneheld både flatt terreng og nokon toppar. Frå Gjørøylykta har du spektakulær utsikt over vêret som herjar i Norskehavet.

Værlandet Havhotell

Værlandet Havhotell byr på overnatting med havet rett utanfor soverommet. Hotellet er bygd i moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på, og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten. Her kan du sovne til bølgeskvulp og måseskrik, og kjenne på naturkreftane på dei verste vinterdagane.

Værlandet Havhotell består av 8 dobbeltrom der kvart rom har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.

Resepsjonen for hotellet er lokalisert hos Joker Værlandet på ferjekaia på Værlandet. 

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Værøyhamnen
  • 6986 Værlandet
Telefon:
91 73 03 66
E-post:
post@vaerlandethavhotell.com
Nettside:
www.xn--vrlandethavhotell-rrb.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
Barnevennlig:
Utsiktspunkt:

Hvor er Stormwatching i Værlandet ?