Hopp til hovedinnhold
Bestill

For små og store – nybyrjar og proff

Stryn Vinterski har fire skitrekk og 8 km preparerte løyper i ulike vanskegrader.
Tautrekket (90 m) er perfekt for dei aller minste, medan Juniorheisen gir barna eit trygt og spanande område med skileik.
Hovudtrekket (1200 m) byr på tre ulike nedfartar – frå raude løyper for dei meir erfarne til blå løyper for ein lettare tur.
Steindalsheisen (1400 m) tar deg til topps på 1000 moh, med utfordrande raude traséar både på vest- og austsida.

For dei som elskar urørt natur, ventar vidslåtte off-piste område og unik skogskøyring. All ferdsel her er på eige ansvar.

Eventyrlystne kan også bruke skisenteret som utgangspunkt for toppturar – med eller utan guide! Stryn Vinterski er eit godt utgangspunkt for mange flotte toppturar med sju fjell frå 1000 - 1400 moh. som ligg kring anlegget. Natakupa (1400 moh) og Hestefjellet (1303 moh) ligg svært lett tilgjengelig. Dersom du ikkje er så van med høgfjellet, og ynskjer guide for å ta deg sikkert til topps hjelper skisenteret deg gjerne med det. Ta kontakt og bestill i førevegen. Sjekk varsom.no for ver- og føreforhold.

Stryn Vinterski har alt du treng for ein perfekt skidag:
Skiutleige med utstyr for både alpint og langrenn
Kafe og varmestove med smakfulle varme og kalde rettar
Afterski med god stemning, servering og underhaldning i høgtider og feriar
Og skulle du trenge ein pause, ventar varmestova med 100 sitteplassar og ein hyggjeleg atmosfære.

I nærområdet finn du også 40 km med preparerte langrennsløyper, og berre ein liten kjøretur unna ligg Stryn sentrum med gode restaurantar, shopping og overnattingstilbod.

Velkomen til Stryn Vinterski – der vintereventyret ventar!


Alpepass – 1 skikort – 9 skianlegg
Med alpepass.no kan du stå på ski i 9 skianlegg; Stryn Vinterski, Harpefossen Skisenter, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, Stordal Alpintsenter Arena Overøye, Ørsta Skisenter, Hornindal Skisenter og Volda Skisenter. Alpepass får du kjøpt som sesongkort som er gyldig på alle desse skisentra, eller du kan kjøpe kort frå 2 til 10 valfrie dagar.



Kilde: Nordfjord

    Alpepass

    Se alle tilbudene til Alpepass

    Kontakt

    Adresse:
    • Setrevegen 471
    • 6783
    Telefon:
    +47 90138308
    E-post:
    post@strynvinterski.no
    Nettside:
    www.strynvinterski.no/

    Hvor er Stryn vinterski