Hopp til hovedinnhold
Bestill

Når du stig inn i ei av dei små, lafta stovene, stig du inn i livet til Sunnfjordingen på 1800-talet. Langs stiane mellom torvlagde tak, hesjer og ein liten kvernbekk, kan du ane kvardagen på den tida våre tipp-tipp-oldeforeldre levde.

Kulturarv og daglegliv

Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene. Med over 30 antikvariske bygg, får du oppleve eit tradisjonelt tun, ein husmannsplass og ein støl. Ved vatnet står det naust, og her kan du om sommaren ta deg ein dukkert og helse på museumsgeitene.

Kulturhistorisk utstilling

Innandørs finn du skiftande kulturhistoriske utstillingar, museumsbutikk og du kan få kjøpt deg is. I skogen rundt museet finn du informative turløyper. I sommarhalvåret kan du få ei skreddarsydd og familievenleg omvising på norsk og engelsk.

Kor ligg Sunnfjord Museum?

Sunnfjord Museum ligg i Movika langs E39 mellom Førde og Jølster. Museet har gratis parkering for besøkande

Tilgjenge for rørslehemma

Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men museet kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova og skulen.

Ta gjerne kontakt på førehand.

Museumsbutikk og kiosk

I museumsbutikken finn du eit utval av bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker, og handverksprodukt laga i Noreg. Her er servering av kaffi, is, og kioskvarer.

Butikken held ope i museet si opningstid.

Besøk utanom opningstid

For besøk utanom opningstid, ta kontakt. Eigne prisar er gjeldane for besøk utanom opningstid. På museet sine sider finn du full oversikt over billettprisar

* Sunnfjord Museum ynskjer at større grupper tek kontakt på førehand for å kunne gje ei best mulig oppleving.

**Årskortet gjeld i eit år etter kjøpsdato. Det kan nyttast på alle MiSF sine museum i perioden. Årskortet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Musea i Sogn og Fjordane

Se alle tilbudene til Musea i Sogn og Fjordane

Tider

1. februar - 31. mai

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
10:00–15:00
Onsdag:
10:00–15:00
Torsdag:
10:00–15:00
Fredag:
10:00–15:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

1. juni - 31. august

Ukedager:
10:00–17:00
Lørdag:
12:00–17:00
Søndag:
12:00–17:00
Raude dagane i påske og i mai
17. april 2025:
Stengt
18. april 2025:
Stengt
21. april 2025:
Stengt
1. mai 2025:
Stengt

Priser

Vaksen :
NOK 130
Honnør/student:
NOK 100
Born 0-17 år :
Gratis
Årskort**:
NOK 430
Museumspass (sesongkort 2 mnd.):
NOK 240

Kontakt

Adresse:
  • Jølstravegen 107
  • 6819 FØRDE
Telefon:
+47 577 21 220
E-post:
sum@misf.no
Nettside:
misf.no/sunnfjord-museum

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Barnevennlig:
Toalett:
Parkering:
Kafé:
Souvenirer/butikk:
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Sunnfjord Museum