Hopp til hovedinnhold

Majestetisk, trolsk og utfordrande - dette er ord som vert brukte om Lihesten, dette landemerket og samlande symbolet for Hyllestad. Alt i vikingtida var fjellet eit viktig landemerke, og Olav Kyrre søkte ly under fjellet og vurderte å leggje ein by til Lifjorden. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad.

Turbeskriving med startpunkt ved Lekva

Frå startpunktet ved Lekva kan du velge å gå opp Lihesten på fleire måtar. Du starter turen ved å følgje skogsvegen ca. 1,3 km utover lia. Videre er det merka tursti med raude merker til 3 L – stølane og Gygrekjeften. Går du dei flotte sherpatrappene opp til Lihesten platået kan du velge om du vil gå til Risnesnipa eller Gygrekjeften, begge turstiane er merka med raude merker. Du må rekne med å bruke ca.3 timar opp, enten du vel å gå til Risnesnipa eller Gygrekjeften.

Det er toalett på 3 L – stølane. Turen til toppen av Lihesten er krevande fysisk.

Risnesnipa frå Hovlandstien

Det er også mogleg å gå opp Risnesnipa frå Hovlandstien. Du kan enten velge å parkere ved Lekva, eller køyre vidare ut Lifjorden til du kjem til ei lita parkering på venstre side, under eit tre. Frå parkeringa går du litt tilbake til du ser skiltet opp. Stien er flott med variert terreng. Her vil du gå gjennom skogen i første partiet, før du kjem opp til eit meir ope terreng med storslått utsikt over Lifjorden. Stien kan vere nokså bratt første del, men når du har komt deg opp på ryggen av Lihesten går turen på fjell til toppen. Her anbefaler vi å bruke god tid opp fjellet. Både for å nyte utsikta, ein god matpakke og drikke rikeleg med vatn.

Praktisk info:

Gode tursko og turklede anbefalast, i tillegg til niste og drikke. Det er viktig å lese fjellvettreglane før du legger ut på tur.

Om du ønsker å oppleve meir av Hyllestad, så finn du overnatting her: Overnatting i Hyllestad.

Kontakt

Adresse:
  • Lekva
Telefon:
577 43 000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Total stigning:
  • 777m
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
Avstand:
  • 5.3km

Hvor er Topptur til Lihesten ?