Trugetur i brelandskapet - Dette er ei fin oppleving for heile familien med bålkos og snøleik.
Om turen
Turen er lett gått for personar i normal fysisk form, og varar i 2 timar. Vi går ei runde i Nigardsbredalen og tek ei god bålpause med varm drikke og noko godt å bite i. Når snøen ligg nyttar vi truger, og er det bart går turen i variert terreng. Kom på dagstur eller overnatt i Jostedalen og kombiner turen med ein tur til blåisgrotta i Nigardsbreen, eller topptur i dei flotte Jostedalsfjella.
Meir informasjon
Turen passer for alle aldrar og tar om lag 2 timer.
Dagleg avgang på førespurnad, desember – april.
Påmelding seinast 3 dagar før tur.
Oppmøte: Kl. 11 ved parkeringa ved Breheimsenteret i Jostedalen.
Pris: 500 kr (vaksen), 300 kr (born under 16 år)
Minimumspris 1500 kr. Pris inkl. lån av truger og stavar.
Booking: www.jostedal.com