Fjelltur på Leikanger - Oppover denne flotte turen kan du sette deg 4 delmål, Stølen Orrasete, Hedlesetnipa, Stølen Dalsbotnet, også Mælen!
- Krevjande Fottur
- 5,3 km
- Turen går frå Engjasete
- 695 høgdemeter totalt
- Sesong: Mai - September
Start Grinde:
Følg bilveg opp til Grinde, ca 6 km vest for Hermansverk. Køyr opp til siste sving på bilvegen før du kjem opp til Engjasete. Herifrå på godt synleg sti forbi stølen Orrasete, forbi Hedlesete, som er eit fint utsiktspunkt, og mot stølen Dalsbotten.
Ta av mot sørvest like før stølsområdet og følg sti oppover og utover mot utsiktspunkt og varde. Syril trimbok ligg under signalmerket utom, eller litt nedom, det høgste punktet.
Framme på kanten kan du nyte utsikta ned på Supham og vegen ut til Hella samt over fjorden til Borlaug, Feios, Vangsnes, Vik, Balestrand og Hella. Opp frå Hella ser du Eitorn, Rud, stølane Skarde og Daurmålhaug. Nedanfor Mælen kan du skimte stølen Skopasete og retninga stien ut til Eitorn tek. I nordvestleg retning, over dalen der Kvinna renn og over Daurmålhaug, vil du sjå mot Storholten, Vassvarden og oppstiginga til Trodalseggi. I nordleg retning tronar fjellet Hest majestisk og kallar på deg. Neste gong du startar frå Engjasete er du klar for den turen.