Du klatrar heile tida med ei storslagen mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På toppen har du moglegheit for Zipline etter gjennomført via ferrata. På toppen møter du også Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå.
Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste Via Ferrata brua i Europa. Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Det fins 4 ulike ruter, og om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre den nye ekstremruta - den tøffaste via ferrata ruta i Norge. Om du vel rute 2 kan du prøve deg på nye og spektakulære STIGULL. Stigen er det første av sitt slag i Norge, og med 120 trappetrinn og ei helning på 45 grader er dette ei spektakulær oppleving for alle klatreentusiastar. Stigen har en relativt lav vanskegrad, men føles veldig luftig, så meistringskjensla er stor når ein klatrar denne etappen.
På toppen kan du avslutte med Zipline, som du kan kjøpe når du bookar, ved innsjekking eller i Fjellbutikken på toppen. Minimumsvekt på deltakar i Via Ferrata Loen er 40 kg og maksimum 120 kg.
Loen Active er guideselskapet i Via Ferrata Loen, og losar deg trygt til topps frå mai til oktober. Klatresele og hjelm er inkludert. Erfarne klatrarar kan ta turen på eiga hand. Utstyr kan leigast hos Loen Active.
På toppen ventar Hoven Restaurant & Bar med herlege forfriskningar, og Loen Skylift som tek deg komfortabelt tilbake til fjordnivå.
Ragnarok Extreme er Norges tøffaste via ferrata rute i Loen, og er ei eiga rute i Via Ferrata anlegget i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare eller kan handtere klatregrad 6+.
Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom "Tors hammar" - ei kort sløyfe i kategori E.
All kommersiell aktivitet går gjennom Loen Active.
Sport
Via Ferrata Loen
Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti der du er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh.
© Via Ferrata Loen
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- 6789
- Telefon:
- +47 57875800
- E-post:
- post@loenactive.no
- Nettside:
- www.loenskylift.no/loenactive