Hopp til hovedinnhold

Hole Hytteutleige - Grinddalssætra - Vinsåshornet - Grinddalssætra- Hole Hytteutleige Turen byr på imponerande panoramautsikt over Geirangerfjorden. Turbeskrivelse: Turen startar frå Hole Hytteuleige i Geiranger. Her kan vere vanskeleg å få parkert, så spør i resepsjonen ved hyttene kvar du kan setje bilen. Ein går grusvegen mot Vesterås, men svingar av på traktorveg mot høgre straks etter hyttene på Hole. Vegen deler seg igjen ved ei grind, og ein tek til venstre. Deretter fylgjer ein grusvegen. Etter nokre svingar er det skilta til venstre mot Holebakk. Vel ein denne ruta, får ein og med bruket Holebakk og minnetavla som er reist der etter snøraset i 1907 som krevde 10 menneskeliv. Ein kan rekne om lag 45 minutt på grusvegen før ein kjem over på ei svært god rås. Nokre få utsynspunkt har bratte skrentar mot elva frå Vesteråsdalen. Turen til Grinddalssætra tek nye 45 minutt, og frå dei bratte liene kring Geirangerbygda kjem opp i ein idyllisk, flat fjelldal. Ein fin tur for barnefamiliar. På sæterstølen står eit retningsskilt med namn og høgd på toppane i nærleiken. Her kan ein ta kursen mot Vinsåshornet, den markerte toppen på sørsida av dalmunningen. Ein fylgjer råsa vidare frå stølen og oppover dalen. Elvekryssing på solid bru etter om lag 500 m. Merkt turrute skråar innover dalen og oppover fjellsida mot det lågaste punktet på ryggen til Vinsåshornet. På ruta kan ein og oppleve restar etter fleire bogestøer og dyregraver. Oppe i skaret fylgjer ein høgda nordvest til sjølve toppen (1343 m.o.h). Her har ein panoramautsikt mot Geirangerfjorden! Ei meir krevjande rute mot toppen går på framsida av Vinsåshornet. Også denne ruta er merkt, men råsa er ikkje så tydeleg alle stadar. Litt småkliving siste delen. Ruta krev fjellvande folk! (Kjelde: Opptur Geirangerfjorden).

Kontakt

Adresse:
  • 6216 Geiranger
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Vinsåshornet?