Hopp til hovedinnhold

Parken ligg idyllisk til mellom Vangsvatnet, skogen i Prestegardsmoen og gressplenane på Prestegardslandet. I 2023 blei Voss Aktivitetspark tildelt Landskapsarkitekturprisen. Området og naturen er såleis verdt ein tur i seg sjølv!

Skateparken består av ein Street plaza og ein bowl, som kan nyttast av syklar, skateboard og sparkesykkel. Du finn også ein leikeplass og ein treningspark med mange forskjellige apparat. Ved alléen som går til Voss Sentrum ligg også to volleyballbanar.

Frå aktivitetsparken og langs Vangsvatnet går det ei fin sandstrand, med relativt grunt vatn. Her finn du mange badeglade familiar på solrike dagar. Det er også fint å utforske løypene og stiane i skogsområdet Prestegardsmoen.

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Prestegardslandet
  • 5700
Telefon:
+47 56519400
E-post:
postmottak@voss.herad.no
Nettside:
www.facebook.com/p/Voss-Aktivitetspark-100039816476896/

Hvor er Voss Aktivitetspark