VossVind er Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel. Her kan du oppleva å fly i trygge og kontrollerte omgjevnader, og dette er ein spennande aktivitet som passar for alle aldrar! Nedre aldersgrense er 5 år, og den eldste som har flydd i vindtunnelen er 102 år. VossVind er ope heile året, og ein treng ingen førekunnskap for å fly.
Garantert ei minnerik oppleving!
VossVind tilbyr pakkar som inkluderar instruksjon i førekant, leige av utstyr og ein instruktør som er med deg heile tida inne i tunnelen. Her er pakkene dei tilbyr:
Liten pakke 2 flygingar per person
For dykk som ynskjer å prøva vindtunnelen og følelsen av å fly.
Medium pakke 4 flygingar per person
Vår anbefalte pakke. For dykk som ynskjer å prøva vindtunnelen, med betre tid til å lære å ha det kjekt. Kanskje meistrar dykk å fly på eigenhand?
Stor pakke 6 flygingar per person
For dykk som verkeleg vil føla meistring og sjølvtillit. Kva med å avslutte med ein liten konkurranse mot kvarandre i vindtunnelen?
NB! Oppmøte 40min før oppsatt flytid for instruksjon og utdeling av utstyr. Kvar flyging er 1,5 min. Totalt må ein rekna ca 1,5 time på heile opplegget.
Opningstider er onsdag – sundag året rundt, og det er ope kvar dag i feriar (vinter, påske, sommar, haust, jol). For større grupper kan dei opna opp utanom opningstid – aldri nøl med å ta kontakt.
Tilgjengelegheit:
VossVind legg til rette for dei fleste funksjonsutfordringar. Dei har flydd svaksynte, blinde, og døve. Tidlegare pasientar med kreft og MS som har godt nok overskot og god dagsform har også hatt gode fly-opplevingar med dei. Dei har også hatt besøk av folk med protese/amputasjonar, delvis eller heil lammelse i beina, og andre nedsette funksjonsevner. Dersom det er personar med større utfordringar assisterer me gjerne med to instruktørar for å kunne gje dei ein smakebit av å fly vektlaust. Ta gjerne kontakt i kvart tilfelle, då det gjer det lettare for dei å tilrettelegga på best mogeleg måte.
VossVind ber alle med skulder-, nakke- og/eller ryggskade om å kontakt før eventuell flyging. Om ein har hatt skulder ut av ledd vert ein fråbedt å fly, då desse kan gå ut på nytt (grunna posisjonen ein ligger i). Ta kontakt for spørsmål.
Aktivitets- og familieparker
Voss Vind
Fly som supermann i vindtunnelen til VossVind
Voss
© Voss Vind
Kilde: Visit Voss
Kontakt
- Adresse:
- Oberst Bulls veg
- 5705
- Telefon:
- +47 40105999
- E-post:
- post@vossvind.no
- Nettside:
- www.vossvind.no