Sognefjorden er den lengste fjorden i Norge der fjordbygder som Skjolden, Luster, Jostedal ligg nordvest, Årdal og Lærdal ligg nordaust, Aurland, Flåm og Vik ligg sør, Sogndal, Kaupanger og Fjærland midt i Sognefjorden, og i vest kan du besøkje Balestrand og Høyanger.
Her kan du lese meir om vandrebussane og fjordcruise ved Sognefjorden.
Med offentleg transport
Det går dagleg bussar frå både Oslo og Bergen til fjordbygdene ved Sognefjorden, over vakre fjellovergangar eller nede ved idylliske små perler ved fjorden. Ynskjer du å ta bussen kan du finne bussruter på Vy eller Skyss
Den einaste, men verdskjente togstrekninga ved Sognefjorden er Flåmsbana. Ta toget frå Oslo eller Bergen til Myrdal på Bergensbanen og vidare med Flåmsbana til Flåm.
Med ekspressbåt
Frå april til september går det dagleg ekspressbåt med Norled frå Bergen til Flåm, og resten av året går den frå Bergen til Sogndal.
Med fly
Flyplassen ved Sognefjorden, Sogndal Lufthamn Haukåsen ligg om lag 20 min frå Sogndal sentrum. Ta flyet med Widerøe frå Bergen Lufthamn Flesland eller Oslo Gardermoen til Sogndal flyplass Haukåsen. Sjekk flytider her
Reis frå Oslo
Når du reiser frå Oslo kan du komma til Sognefjorden frå fleire fjellovergangar som via Hemsedal og Filefjell, frå Hol – Aurland og om sommaren kan du køyre vakre Sognefjellet via Otta.
Distanse med bil
Rv 52 – Gol over Hemsedalsfjellet til Lærdal: 115 km – ca. 1 time 50 minutt
E16 – Fagernes over Filefjell til Lærdal – 137 km – ca. 2 timar
Rv 53 Via Tyin til Årdal – 36,4 km – ca. 37 minutt
Rv 15 frå Otta over Sognefjellet til Skjolden: 150 km – 2 timar 36 minutt
Fv 50 frå Hol til Aurland – 92 km – 1 time 37 minutt
Reise frå Bergen
Frå Bergen kjem du til Sognefjorden via ferja frå Oppdal til Lavik, over Vikafjellet eller via Voss til Gudvangen og Flåm. Du kan også ta ekspressbåten til Norled, buss, tog eller fly.
Distanse med bil
Bergen E39 med ferje frå Oppedal - Lavik til Høyanger: 165 km – 3 timar
Bergen E16 og deretter Rv13 over Vikafjellet og ned til Vik: 170 km – 2 timar 40 minutt
Bergen E16 via Voss, Gudvangen og Flåm: 167 km – 2 timar – 39 minutt
Praktisk informasjon
- Køyrer du El-bil så er det viktig at du sjekkar kvar ladestasjonane er i området
- Når du kjem til Sognefjorden må du krysse fjorden med ei ferje, sjekk rutetider her
- Sjekk Statens Vegvesen sine nettsider om informasjon om fjellovergangar.