Ræin starta over ein kollega-kaffe midt i Storgata 3 i Oslo! Eigarane bak bedrifa, Carl og Britt, møttes tilbake i 2015 på kontoret til DNT Oslo som turvegleiararar.
I nærmare 7 år var turplanlegging, tur-administrering, risikovurdering og turvegleiing i store delar av Norge for både Nordmenn og utanlandske gjestar dagleg ansvar. Fritida brukte Britt på lengre skiturar i Arktis, mens Carl spesialiserte seg i det alpine landskap. Kajakkturar på Oslo-fjorden eller klatreturar i nærområdet var fellesaktivitet som gjorde storbyen litt mindre urban.
Helgeturane til fjells blei hyppigare dei siste åra i Oslo, og tranga etter nærhet til naturen blei so stor, at begge flytta i 2019 til Sunnmøre med kvar sine respektive. Ingen av dei ville slutte å jobbe med deira store lidenskap, og Ræin blei derfor resultatet; ei aktivitetsbedrift som tilbyr ekte naturopplevingar, og som gir meir tilbake til lokalsamfunn og natur enn kva nærmiljø må ofre. Til tross for å være ei fersk bedrift, har derfor Ræin lang fartstid og kompetanse innan bransjen.
Ræin Adventures
Ræin er ei aktivitetsbedrift som tilbyr ekte naturopplevingar, og som gir meir tilbake til lokalsamfunn og natur enn kva nærmiljø må ofre. Til tross for å være ei fersk bedrift, har derfor Ræin lang fartstid og kompetanse innan bransjen.
Kontakt
- Adresse:
- Sjoavegen 21
- 6213 Tafjord
- Telefon:
- 930 14 845 / 485 06 002
- E-post:
- kontakt@raein.no
- Nettside:
- www.raein.no/