Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til øya Kinn.
Kvar går rutebåten frå?
Den lokale skyssbåten går frå Florø Terminal og ut til øyane kvar dag. Det er totalt fem båtruter som går ut til Kinn kvar dag, måndag til fredag. Laurdag og søndag går det to båtruter.
Turistruta i sommarsesongen
Om sommaren vert det satt opp ei ekstra båtrute klokka 11.35. Båten går om lag frå slutten av juni til starten av august. Sjå skyss.no for meir informasjon om turistruta.
Korleis finn du rutetidene til båten frå Florø til Kinn?
et er enkelt å søke om rutetider på skyss.no Legg inn frå: Florø Terminal, Kinn Til: Kinn kai, Kinn. Du vil då få opp alle rutene som går for den valgte dagen, og viktig tilleggsinformasjon som du bør hugse på.
Korleis kjøper vi billettar til båten frå Florø til Kinn?
Du kan kjøpe billettar til rutebåten om bord. Det kostar 49,- for ein vaksen per veg, barn / honnør betalar halv pris.
Kinn er eit stjernestopp. Kva betyr det for meg?
Ein del av stoppa i Florabassenget er såkalla "stjernestopp", også kalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Du må difor ringe båten før den går frå Florø slik at dei veit at du ønskjer å vere med båten i retur frå Kinn til Florø. Telefonnummeret til båten er +47 94 83 86 99.