Hopp til hovedinnhold

Jugendbyen ved havet

I Ålesund dansar historia og havet tett saman. Opplev den unike jugendstilen på nært hald – anten du ruslar gjennom dei svingete gatene, kryssar Hellebroa over Brosundet eller besøker Jugendstilsenteret og KUBE. Her får du høyre historia om bybrannen i 1904 og korleis Ålesund vart bygd opp att i den særeigne jugendstilen. Like ved ventar Fiskerimuseet, der du kjem tett på den rike fiskerihistoria som har forma byen.

Ålesund er ein by som lever, med festivalar og arrangement gjennom heile året. Byen er og ein smeltedigel av smakar – her får du alt frå fersk sjømat til innovative rettar inspirert av kysten. Når kvelden sig på, kan du sjekke inn på eit av dei historiske hotella eller finne roa på eit nytt og moderne hotell.

Opplevingar i Ålesund

I Ålesund ventar adrenalinet like rundt hjørnet. Lat eventyrlysta kan få fritt spelerom med kajakkpadling gjennom Brosundet, el-sykkelturar mellom jugendstilhusa eller guida fjellturar med utsikt som tek pusten frå deg. I Atlanterhavsparken – Akvarium og Vitensenter kjem du tett på livet i havet, og du kan sjå oter og selar boltre seg på det store uteområdet.

Ingen tur til Ålesund er komplett utan å besøke byfjellet Aksla. På toppen ventar panoramautsikta – frå dei kvasse tindane i Sunnmørsalpane til den frådande kystlina mot Runde, der storhavet tek til.

Frå fjordcruise til fjelltoppar

Ålesund er porten til dei store naturopplevingane. Ta eit fjordcruise til Geiranger eller Hjørundfjorden, eller reis til Sunnmørsalpane og opplev spektakulære ski og fjellturar. Følg kysten til Alnes fyr for å sjå storhavet møte himmelen, eller vidare til Ona, eit sjarmerande fiskevær der tida går sakte, men opplevingane varer lenger. Med direkte flyruter til Vigra lufthamn og daglege anløp frå Hurtigruten og Havila Kystruten, er Ålesund eit naturleg knutepunkt for eventyr langs kysten.

Et merkeikon

Reiseinspirasjon

Her har vi samlet en rekke artikler skrevet av personer med god kjennskap til vår region. Bla deg gjennom sider med inspirasjon og sett sammen det perfekte opphold for deg. Kanskje oppdager du noen bortgjemte perler?

Aktivitetar og attraksjonar i nærheita

Enten du vil besøke museum, ta et bad, vandre i bygatene eller padle en tur gjennom Brosundet, så finner du din favoritt i Ålesund!

Sove og spise

Her kan du finne din favoritt.

Kommende arrangementer

Fleire stader du må få med deg.

Når du er i området, kan vi og anbefale andre stader du bør få med deg. Regionen har ei rik historie frå kysten, og er samstundes nær dei høge fjellltoppane i fjordane.

#visitalesund

Følg oss i våre sosiale media

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund