Fitjar kommune ligg nordvest i Sunnhordland i Vestland fylke. Størstedelen av Fitjar ligg nord på øya Stord.
Hitoriske Fitjar
Midt i Fitjar sentrum ligg Håkonarparken med statuen av Håkon den Gode. Han fall i slaget mot Eirikssønene her i år 961. Gå gjerne den kulturhistoriske løypa med start i sentrum og lær meir om historia til Fitjar.
Fitjarøyane, Fitjarfjella og Kråko
Padling i Fitjarøyane er populært og det kan hende du finn padleparadiset ditt her! Halvøya Kråko er sjøhytteområde og friluftområde med både kafé, såpekokeri og lokalbryggeri.
Overnatting i Fitjar
I Fitjar kan du sove godt, anten du vel hotell, camping eller kjem med båt til gjestehamna.
Fitjar ligg kort veg frå Bergen, med ferjeforbindelse mellom Sandvikvåg og Halhjem. Til flyplassen på Sørstokken tek det ca 20 minutt med bil.