Landbruk og turisme er dei største næringsvegane i bygda. I Fjærland kjem du kloss på breane og her finn du óg Norsk Bremuseum, Den norske bokbyen, Brævasshytta, Fjærland Fjordstove Hotel, Nasjonalpark, Fjærlandsfjorden og Bøyaøyri naturreservat.
Sentrum i bygda, Mundal, har ein særprega atmosfære med Bokby, kunstgalleri og det gamle, ærverdige trehotellet, Hotel Mundal frå 1891. Det er som om tida har stoppa opp i Fjærland og ein kan verkeleg koble av frå dagleglivets stress og jag.
Den norske bokbyen ligg i Mundal og har fleire utsal i gamle fjøs, naust etc. og er open kvar dag frå mai til medio september. Nokre av utsala er kombinerte med kunstgalleri, suvenirbutikk og husflidutsal. Det er også høve til å kjøpe seg kaffi og heimebakst på Kaffistova, Bokbyens bokkafé.
Bygder og steder
Fjærland
Bygda ligg ved Sognefjorden og har Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske kontinent, som næraste nabo. Fjærland har 300 fastbuande, og høyrer til Sogndal kommune. Mundal er sentrum i Fjærland og ligg om lag 3 km frå riksvegen.
Fjærland|© VERI Media
La deg inspirere
Her finn du tips og inspirasjon for ditt opphald i Fjærland
Aktivitetar i Fjærland
Her finn du eit utvalg av aktivitetar i Fjærland
Planlegg ditt besøk i Fjærland
Les meir om restaurantar og overnatting i Fjærland