Stegastein Utsiktspunkt er ei gangbru som er laga av limtre og som stikker 30 meter ut frå fjellsida ved Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet.
Toalettbygget er plassert litt over kanten av «stupet», slik at den besøkende skal få oppleve den storslåtte utsikten over fjorden, men ingen kan kikke inn.
Vegen opp til Stegastein er open heile året, men om vinteren er den stengt rett over Stegastein.
Med bil til Stegastein
Frå Flåm til Stegastein er det 18 kilometer og frå Aurland er det 8 kilometer. Frå Aurland og opp Aurlandsfjellet til Stegastein er bratt og smal med totalt sju hårnålsvinger. På mange stadar langs vegen er det kun plass til eit køyretøy i bredden, så her må man køyre forsiktig og være forberedt på å stoppa og rygge tilbake til næraste møteplass. Strekninga har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 12,4 meter.