Hopp til hovedinnhold

Baroniet Rosendal er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største kulturhistoriske attraksjonane på Vestlandet. Slottet er mellom anna kjent for den storslåtte renessansehagen med eit vell av roser og den romantiske landskapsparken med det omkringliggjande kulturlandskapet.
Kulturprogrammet som vert offentleggjort kvart år i mars byr på konsertar, borggårdsteater, kammermusikkfestival og kunstutstillingar. På Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus er det rom med frukost og middagstilbod i sesongen mai-september.

Utforsk naturen i Rosendal - Fjord, fjell og Folgefonna

Rosendal i Sunnhordland ligg vakkert til mellom Hardangerfjorden og majestetiske fjell som Melderskin og Malmangernuten. Bygda er kjend for sitt rike jordbruk og som inngangsporten til Folgefonna Nasjonalpark. Kjem du med eigen båt til Rosendal, finst gjestehamna midt i sentrum.
Skålagato byr på koselege kafear, butikkar og hotell.


Fjordcruise frå Bergen til Baroniet Rosendal - opplev Hardangerfjorden

Opplev den flotte sightseeingturen frå Bergen / Os til Rosendal med fjord, fjell og fossefall! Endestasjonen er bygda Rosendal, hvor det er en liten spasertur opp til Baroniet Rosendal. Billettar kjøper du i turistinformasjonen i Bergen eller på nettsida til Baroniet Rosendal.

Sikre deg billettar til fjordcruiset frå Bergen til Rosendal. Bestill på nettsida til Rødne eller i turistinformasjonen i Bergen.

Opplevingar i Rosendal

Utforsk dei mange ulike aktivitetane i Rosendal og planlegg turen din i dag

Kommende arrangementer

Stader i nærleiken av Rosendal

Om du er på dagstur, eller blir fleire dagar - her er tips til andre stader å leggje til på ruta di.