Natur- og kulturopplevingar
Sykkylven kan by på ein variert og vakker natur sommar som vinter. Her finn du smale fjordar, flate og frodige dalar, blå brear, mektige fjell og ville fjellformasjoner. Det fins mange aktivitetar både for born og vaksne heile året. Kort veg til Strandafjellet, Ålesund, Hjørundfjorden og Geirangerfjorden.
I Sykkylven finn du eit koseleg handelssentrum med små nisjebutikkar tett i tett, restaurantar og kafear der du kan nyte eit godt måltid i koseleg atmosfære rett ved sjøkanten.
Meir informasjon finn du og på www.sykkylven.com.
Vinteraktivitetar
I Sykkylven som er innfallsporten til dei majestetiske Sunnmørsalpane ligg alt til rette for kjekke vinteraktivitetar for både born og vaksne. Her kan du nyte skiturar både til fjells, og i nypreparerte langrennsløyper. Her er også mange fine fjellturar/trugeturar i området, meir informasjon på stikkUT.no. Når isen legg seg på Tuvatnet kan du ta på deg skøytene og svinge deg rundt på isen.
Vår, sommar og haust i Sykkylven.
Her finn du noko for ein kvar smak enten du likar å kome deg fram på hjul, drive med vannsport, eller likar å ta beina fatt og gå på fjelltur. Kos deg på badestranda, finn gode opplevingar på eitt av musea eller på ein besøksgard. Nyt utsikta til fjelltoppane og Sunnmørsalpane så vel som utover fjorden. Det er like flott om det er storm eller sol og blå himmel.
Historie
Sykkylven er kjent for sine forhistoriske funn på Auremarka, som er eitskattekammer for dei historieinteresserte. På Auremarka har fornfunna dokumentert eibusetjing på minst 4000 år, og detvart gjort funn av eit langhus på heile 58 meter på staden. Dette er eitt av dei lengste i Norge. Kulturforeininga Aura-Påls vener har bygd ein rekonstruksjon av eit bronsealder hus som stod i området for omlag 3000 år sidansom er verdt eit besøk.
Industri og fakta om Sykkylven
Sykkylven er kanskje mest kjent som møbelhovudstaden i Norge. Eit hundretals møbelfabrikkar med underleverandørar, transportfirma og seljarar vaks fram i løpet av den store gründerperioden etter siste verdskrig. Dei fleste forsvann då gullalderen var forbi. Men nokre overlevde og vaks ut av kjellarlokala og dei første enkle fabrikkbygningane. Dei skulle gjere Sykkylven til den store møbelkommunen i landet. Den største bedrifta i Sykkylven er Ekornes som lagar det verdskjente møbelet Stressless som såg dagens lys i 1971. Stressless har gjennom åra blitt produsert i ulike modellar fram til i dag, og er kjent for sin unike komfort og kvalitet.
Sykkylven er dessutan ei teknologikommune der fokuset i industrien er automatisering og forenkling av produksjonsprosessar. I Sykkylven er det per i dag 190 industrirobotar i drift. Det representerer om lag 16% av alle industrielle robotar i Norge. Industrien jobbar tett i lag med den vidaregåandeskulen slik at dei får den kompetansen dei treng ute i bedriftene.
Korleis kjem du deg til Sykkylven?
Sykkylven ligg omlag ein time frå Ålesund på RV60 med bil. Der er og gode bussforbindelsar til Sykkylven, som ligg midt i strekninga mellom Ålesund og Stranda.
Rutetabellar og tider finn du på www.frammr.no.