Hopp til hovedinnhold

Midt i hjartet av fjell- og fjord-Noreg ligg Sunnmøre og Nordfjord med Sunnmørsalpane. Her tek skiheisane deg til timesvis med leik og aktivitet i alpinanlegga med alt anna du har lyst å gjere i puddersnøen. Langrennsløypene og toppturane ventar rett utanfor skisentera. Her er moglegheitene store anten du søkjer den ultimate utfordringa eller vil ta livet med ro i familievennlege skisenter.

Skifest i nordvest

Rett ut mot vest ligg Atlanterhavet. Rett aust ligg Jostedalsbreen og høge fjellområde. Når vêret kjem frå nordvest blir det skifest, og den kalde lufta stangar inn over fjella og drysser snøen over området. Dette skapar gode forhold som gjer området snøsikkert og variert for både skieksperten og nybyrjaren. Tindane byr på utsikt, oppturar og nedkøyringar i særklasse.

Kart over skisentra som er med i Alpepass.
© visitalesund.no

I dette fjelltette området langs kysten midt mellom Bergen og Trondheim ligg ni skisenter spreidde utover fjellheimen. Ekspressbussar, flyruter og vegar fører deg rett til skieventyret der du kan klyve opp, sette utfor, hete deg i saunaer ved fjorden og nyte mat frå hav og jord til nærmaste restaurantbord.

Slik brukar du Alpepass

Med Alpepass opnar dørene seg til skianlegg over heile området for nesten same prisen som for eitt av dei. Du har tilgang til 32 skiheisar, over 70 nedfartar, terrengparkar, frikøyring, mykje snø og vanvitig mykje moro. Sånn lar du Alpepass opne dørene til snømoro fleire dagar til endes:

  1. Møt opp på eitt av dei ni skisentera
  2. Hugs ID med bilde til alle som skal ha Alpepass
  3. Vel om du kjøper for to eller fleire valfrie dagar, eller heile sesongen
  4. Ta med deg Alpepass og bruk det i skiheisen på valfrie senter dei dagane du har lyst

    Kortet gjer det mogleg å velje skisenter etter vêr, føre og humør. Landskapet er variert, og anlegga ligg spreidd utover heile området. Det betyr at du kan finne dei beste skiforholda, og det beste senteret som passar deg den dagen du vil bruke Alpepass.

    Merk deg at skisentera har ulike opningstider som kan variere i løpet av sesongen etter vêr- og føre. Dersom det er ekstra gode forhold, kan dei enkelte skisentera halde ope utover sine ordinære opningstider. Sjekk gjerne før du drar.
Skikjører med utsikt utover fjorden fra Strandafjellet.
Alpepassregionen byr på både offpiste-køyring og spektakulær fjordutsikt.|© Eric Ellioth

Ni stopp i alpelandskapet

Om vinteren endrar landskapet i nordvest seg til eit stort leikeland. Dei ni skisentera er inngangsporten, og Alpepass er nøkkelen. Familien eller vennegjengen kan legge basen nær anlegga, i koselege bygder langs fjorden, på tradisjonsrike hotell eller i byen Ålesund. Spisse toppar, fjordutsikt og varierte skianlegg gjer vinterferien til ei unik oppleving. Bli med til dei ni snødestinasjonane:

1. Strandafjellet: Det beste utsynet over fjordane

Skisenteret på Strandafjellet opnar fjellet for deg med gondol, heisar og kanskje eit av dei beste frikøyringsområda i Skandinavia. Det beste av alt er at du kan suse ned bakkane med spektakulært utsyn over fjord og fjell midt i Sunnmørsalpane. Sjå kva meir du kan gjere, smake og oppleve på Stranda & Strandafjellet.

2. Harpefossen: Skileik og idylliske fjellsetrar

Med 600 meter høgdeforskjell og trasear gjennom fem idylliske fjellsetrar, byr Harpefossen på alpin, telemark, snøbrett og langrenn. Skisenteret har seks skitrekk, trygge nedfartar og ein eigen skileik. Like ved finn du Nordfjordeid og Nordfjord Hotell – eit komfortabelt overnattingsalternativ for heile familien.

Perfekt å lære seg å stå på snowbaord på Harpefossen
På Harpefossen er det familievenlege nedkøyringar, klassiske langrennsløyper og, ikkje minst, plass for den leikne.|© Harpefossen skisenter

3. Overøye: Frikøyring og terrengpark

På Arena Overøye i Stordal får du både pudderterreng for den erfarne og silkeføre for nybyrjaren som skal lære seg å stå alpint, snøbrett eller telemark. Oppdag fleire aktivitetar, matopplevingar og overnattingsstader i området.

Sjå snøen på Arena Overøye, og drøym om korleis du kan suse gjennom landskapet.
Sjå snøen på Arena Overøye, og drøym om korleis du kan suse gjennom landskapet.|© alpepass.no

4. Stryn Vinterski: Panoramautsikt med lange nedfartar

Stryn Vinterski byr på spektakulær utsikt over fjorden, lange nedfartar, fire skitrekk og moglegheiter for både barnefamiliar og frikøyrarar. Toppturentusiastar kan utforske nærområdet, og det er eit omfattande løypenett for langrenn. Stryn sentrum med fasilitetar og overnatting ligg berre ein kort køyretur unna. I nærleiken ligg også tradisjonsrike Hotel Alexandra og Loen Skylift.

5. Ørsta: 700 meter opp og vidare til næraste topp

Midt mellom Hjørundfjorden og Ørstafjorden ligg skisenteret på 700 høgdemeter som gir deg utsikt over Sunnmørsalpane anten du vågar deg ut på off-piste-turar eller ein trygg tur i trekket. Utforsk kva du kan ete, gjere og kor du kan overnatte i området rundt Hjørundfjorden.

6. Volda: vinterglede for heile familien

Volda Skisenter ventar skiglede for både store og små. Her kan ein utforske alt frå preparerte bakkar til puddersnø og skogsløyper. Ta gjerne ein pause rundt bålpanna. For dei eventyrlystne startar toppturen til Melshornet her, og området byr òg på lysløyper og flotte turløyper. Oppdag fleire aktivitetar, matopplevingar og overnattingsstader i og rundt Volda.

Volda skisenter sett frå lufta.
Volda skisenter sett i frå lufta. |© alpepass.no

7. Hornindal: Paradis for tørr snø i ly frå fjorden

Den vesle bygda med den djupaste innsjøen i Europa har eit av dei lengste skitrekka i landet og varierte nedfartar. Her får du tørrare og kjølegare innlandsklima enn på dei andre sentra du når med Alpepass.

Skiheis og skiløyper på Hornindal skisenter.
I Hornindal er det gode snøforhold. Her kan du kose deg kalde vinterdagar og på dei litt mildare dagane mot våren.|© Hornindal Skisenter

8. Fjellsætra: Storslagen utsikt og løyper for alle

Sjå naturen, kjenn frosten i kinna, kriblinga i magen og varmen i hjartet når du og turfølgjet ditt meistrar løypene på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra. Sjå kva meir du kan gjere, smake og oppleve i Sykkylven og området rundt.

Jibbing på gang hos Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra.
Moglegheitene er mange på Fjellsætra.|© alpepass.no

9. Ørskogfjellet: Bynært skitrekk for heile familien

På vegen mellom Molde og Ålesund ligg Ørskogfjellet skisenter. Her er gode slake bakkar for nybyrjaren, og kort veg til bymoro etter ein dag i skianlegget.

Personar i anlegget til Ørskogfjellet skisenter.
Familiar og skientusiastar kan kose seg på Ørskogfjellet Skisenter mellom Molde og Ålesund.|© alpepass.no
"Det er et høyalpint landskap med en vanvittig backdrop, og det kjennetegner hele regionen fra Sunnmøre opp til Sunndalsøra." - Bjørn Kruse

Vårt beste toppturtips: Guide

Med guide kan du nå nye topper i Møre og Romsdal. Bli kjent med den gode snøen og fjelltoppene sammen med noen av de som kjenner fjellet best.

Finn ut mer

Reis hit

Alpepass-regionen balanserer mellom Nordfjord og Sunnmøre, og det er enkelt å kome hit, enten du kjem med bil, buss, tog, båt eller fly.

Med tog

Tog til Åndalsnes frå Oslo og Trondheim via Dombås. Busskorrespondanse vidare til/frå Ålesund. Finn togtider hos SJ og busskorrespondanse vidare med FRAM.

Med buss og offentleg transport

Vi har eit godt bussrutenettverk i heile regionen med gode samband til/frå Oslo, Bergen og Trondheim. I tillegg går FRAM Ekspress regelmessig mellom Volda, Ørsta, Ålesund, Molde og Kristiansund. Du kan søke på offentlig transport her: https://entur.no/

Med bil

Med eigen bil står du heilt fritt til å bevege deg mellom skisentra, eller du kan leige bil hos Avis, Hertz, Sixt eller Trips of Norway.
Nyttige lenkjer:

Med fly

Ålesund Lufthavn Vigra ligg om lag 20 minutt frå Ålesund sentrum, og har gode samband til/frå inn- og utland. Ørsta/Volda lufthamn Hovden og Sandane Lufthamn i Nordfjord har òg gode innanlands samband med Wideroe.

Ein kan ta buss, eller leige bil for å kome seg vidare.
Flyselskap til regionen: SAS, Widerøe, Norwegian, KLM og WizzAir.

Finn meir reiseinspirasjon