Hopp til hovedinnhold

Dagane blir lysare. Vinteren gjer Sunnmørsalpane til eit stort leikeland med toppturar, skisenter og forfriskande fjordluft. Oppi det heile poppar også gourmetopplevingar opp i Stranda sentrum. Hit kjem kjende PopUp-kokkar og nyttar lokale råvarer til å skape smakane du aldri gløymer.

Jannet Aksnes, grunderog daglig leiar i Popup Norge.
Jannet Aksnes, grunderog daglig leiar i Popup Norge. | © Haakon Hoseth
«Vi pakkar sekken med vin, servitørar, interiørarkitekt og ikkje minst kokkar som kan skape den beste opplevinga med lokale råvarer og gode forteljingar» fortel Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.


Toby Skinner i Conde Naste Traveller utropte Stranda som ein av dei beste skidestinasjonane i Europa. I Sunnmørsalpane får du fantastiske fjell, men også fjordutsikt og gode opplevingar.


Frå 28. februar og til 29. mars 2025 får fjord- og fjellbygda Stranda ein ekstra attraksjon. Skinkerådhuset midt i sentrum blir til ein innbydande restaurant kokkar og menyar i særklasse.

Jannet Aksnes og resten av gjengen i PopUp Norge elskar å reise rundt i landet vårt for å skape topp-restaurantar der ingen skulle tru at nokon kunne drive med smaksmenyar.

«Men det er det klart vi kan! Vi har med kokkar, servitørar, interiørarkitektar og vin. Bygda stiller med eit fantastisk innreidd Skinkerådhus, råvarer, nydeleg natur og for Strandas del: ei svært rik industrihistorie og utruleg positive innbyggjarar,» fortel Jannet med entusiasme.


Ho har fått med seg lokale historieforteljarar til å formidle industrihistoria.

Gled deg over lokal fisk på førsteklasses vis i vakre omgjevnadar.
Gled deg over lokal fisk på førsteklasses vis i vakre omgjevnadar.
«Restauranten vår blir eit møtepunkt mellom tilreisande og dei som bur i nærområdet. Det har det blitt der vi har gjort det før, frå Svalbard i nord til Otternes i Aurland i sør. Med nye kokkar og tilbod kvar veke kan du få noko nytt heile tida,» utdjupar mat- og reiselivsentusiasten.

Toppkokkar kjem til Stranda, har med seg sine idear og favorittråvarer, blir inspirert av naturen, historia, råvarene og skapar unike matopplevingar i fjordbygda som ligg i hjartet av Sunnmørsalpane.


«Når kokken får møte dei lokale produsentane oppstår ofte dei gode ideane som fører til dei beste rettane.» Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.
A farmer in a green pasture surrounded by his flock of sheep
Det skjer noko med kokkar når ein kan vere tett på jorda og råvarene. | © Fjord Norway

Slik fungerer PopUp på Stranda

  1. Skinkerådhuset blir restaurant frå 28. februar til 29. mars
  2. Mandag til laurdag kl 19 serverast 4-retters meny
  3. Laurdagar kl 12-16 serverast Afternoon Tea
  4. Helga 6.-8. mars kjem gjestekokk med 7-10-retters meny
  5. Helga 20.-22. mars kjem gjestekokk med 7-10-retters meny

Her kan du overnatte

Eit alpelandskap med fjordutsikt

Stranda ligg midt i Sunnmørsalpane. Her er det gode skiforhold for deg som vil bli med guide på topptur eller nyte ein dag på eit skisenter der du ser fjorden, og kan suse ned over deilige fjellsider.


«Stranda er ikkje berre ei matoppleving. Det er ein skidestinasjon.» Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.
Gruppe på topptur med ski i flotte omgivelser.
Guiden tilpasser turen etter været og erfaringene til deltakerene. | © Uteguiden

Når du først er i Sunnmørsalpane bør du nytte høvet til å gli gjennom snøen. Både på Strandafjellet og Fjellsætra ligg toppklasses skianlegg med fjordutsikt og løype på alle nivå. Det er også mange moglegheiter for deg som vil oppleve pudderføre. Gode guidar kan også finne toppturen som passar for nett deg og følgjet ditt.

Jorda og lufta gjer noko med folka – og maten

Litt sør for Stranda sentrum ligg Skarbø gard. Der har familien til Kristine Skarbø i åtte generasjonar skjøtt landskapet og dyra. Fjord- og fjellufta har gitt næring til folk, frukt og fe.

«Det er kjekt at kokkane set søkelys på dei gode råvarene med kort veg frå jorda her til bordet på Skinkerådhuset.» Kristine Skarbø, bonde og sider- og osteprodusent ved Skarbø Gard.
Kristine vandrar mellom epletrea heime på Skarbø. Næringa i jorda skapar epleblomster, som blir til saftige, søte og syrlege smaksopplevingar.
Kristine vandrar mellom epletrea heime på Skarbø. Næringa i jorda skapar epleblomster, som blir til saftige, søte og syrlege smaksopplevingar. | © Oddgeir Visnes / TIBE
«Her på garden er det viktig for oss at arbeidet vårt er heilt frå jorda til bordet. Smaken av våre eple og vår mjølk kjem frå dette landskapet. Det skapar sideren, jusen og osten som kokkane kan skape endå større opplevingar ut av,» seier Kristine.


Ho gleder seg til å syne fram landskapet, og at gjestene verkeleg får sjå og nyte det vi i fjordlandskapet kan by på. Jannet i PopUp Norge er einig.

«Kokkane som kjem til oss skal få kose seg med dei unike gode lokale smakane: skinka, fisken, sideren, juicen, ostane, ja, til og med Grandiosapizzaen skal dei få prøve seg på,» smilar Jannet.
Kokkelaget er samla for å servere det beste måltidet av Sunnmørske råvarer.
PopUp er samla for å servere det beste av Sunnmørske råvarer. | © Eline Karlsdatter Fladseth

Kokkane får eit par dagar til å bli kjend med produkt og produsentar før dei set menyen endeleg. Ofte blir dei påverka av alt dei får sanse dit dei kjem, og endrar rettane slik at dei treff oss som gjester endå betre. Når dei møter Carlos, Kristine og andre som produserer, sanker og fangar mat i Stranda finn dei dei beste ideane for dei unike råvarene.


Fleire lokale bønder, sankarar og fiskarar leverer unike råvarer som du kan få servert hos PopUp Stranda i vinter. Bli med på Afternoon Tea, 4-retters meny av dei ypperste lokale råvarene og 7-10-retters smaksmeny med ein spennande gjestekokk.

La fjorden og lyset føre deg til Geiranger

Ta ferje frå Hellesylt, eller vintercruise frå Stranda eller Ålesund, inn i verdsarvsfjorden.
Ta ferje frå Hellesylt, eller vintercruise frå Stranda eller Ålesund, inn i verdsarvsfjorden. | © TIBE/ visitalesund.no

Følger du Storfjorden innover til Stranda kjem du til UNESCO-verdsarv Geirangerfjorden. Berre ein halvtime unna Stranda ligg ferjeleiet på Hellesylt. I vinter byrjar turistferja frå Hellesylt til Geiranger rekordtidleg. Turen frå Stranda til Geiranger har sjeldan vore enklare. – Og før ombordkjøyring på Hellesylt kan du stikke innom Hellesylt Boutique & Bar på Hellesylt for ein triveleg handel. Du kan også velje å la bilen stå og reise på ein dagstur til Geiranger med fjordcruiset som går mellom Ålesund, Stranda og Geiranger.

Fjorden og fjella syner seg frå sine vakre og trolske sider. Også på vinteren. For matentusiasten er det både destilleri, sjokoladefabrikk og ein rekke andre opplevingar i verdsarvsbygda. Det er ikkje berre duften og smaken som får auga dine til å lyse opp. Under Geiranger lyskunstfestival kjem norske og internasjonale lyskunstnarar og gir deg lysinstallasjonar, videokunst, lyskunst mot bygningar og natur i verdsarvsbygda.

Reiseinspirasjon