Hopp til hovedinnhold

Kjærleiken og opplevingane blomstrar i år. Nokon vel å omfamne det kontrastfulle landskapet. Andre omfamnar ekteskapet i sjølvaste Geiranger. Både kjærleiken, storslått utsikt, buldrande fossar, god mat og herskapelege hotell får hjartet til å slå litt ekstra i verdsarvsbygda på Vestlandet.

Møre og Romsdal handlar så absolutt om romantikk og råskap, eller indre ro og ytre råskap, om du vil. Ta deg tid til å oppleve begge delar med ein weekend for to, ein blåtur gjennom rå landskap med fjordar og fjell, eller planlegg draumedaten for deg og den du kanskje elskar.

Romantisk overnatting

Hotel 1904 i Ålesund sentrum
Hotel 1904 i praktfull jugendstil | © Marit Brunstad

Nokre stader gir deg kjensler, følelsar og kribling. Du kjenner du flyttar deg frå kvardag til noko heilt anna. Har du kome til eventyret? Er det kjærleiken eg kjenner? Eit romantisk hotell eller ei unik overnatting kan vere døra til nye opplevingar. Kva med ei helg for to på Hotel 1904 i Ålesund, Hotel Union Geiranger, Union Øye eller den gamle handelsstaden Angvik? Indre ro får du også med naturen heilt tett på, i usjenerte overnattingsstader lunt plassert i fjordlandskapet.

Rå opplevingar for par

Kajakk i Hjørundfjorden med høge fjell rundt.
Hjørundfjorden er ein av fleire stadar som tilbyr kajakk opplevingar på Sunnmøre. | © Simon Sjøkvist

Mange kjem til oss på grunn av det store utvalet av aktivitetar. På alle nivå. Her er det aktivitetar både på fjorden, i elva og i fjellsidene. Tenk å sitje i ein kajakk for to som sklir fint i blikstille vatn. Eller hengje i ein klatresele hand i hand?

Landskap som får hjartet til å spele

Fjordutsikt i Geiranger
Set av tid til ein tur til Skageflå når du planlegg eit opphald på Union Geiranger. | © Tone Molnes

Du blir lett bergtatt i Møre og Romsdal. Mållaus. Forelska. Stemningsrusa. Hugtatt. Landskapet er unikt, nokon vil kanskje seie utanomjordisk. Kom deg opp dit ingen skulle tru at nokon kunne bu eller drive eit reisemål, til Skageflå, Romsdalseggen eller Trandal i Hjørundfjorden. Så får de sjå sjølv. Forelska som de er i kvarandre. Og blir i området vårt.

Tre stader å fri til kjærasten din

Sjølv om du ikkje får halve kongeriket, så kan du oppleve Kongeriket Romsdal. Bli med på tur inn i ei trolsk fjellverd der guiden veit kvar du trygt kan kome deg fram. Fjella med dei majestetiske namna Bispen, Kongen og Dronninga finn du på toppen av Trollstigen.

Pust ut og ro ned i lag

Soveplass i lyset fra vinduet med sitteplass foran.
Finn roen i delikat design på Hotel 1904 | © Johan Holmquist/Styling Åshild Sævik

Både landskapa og aktiviteten kan ta pusten frå deg. Då er det lurt å puste ut, og roe heilt ned. La deg sjølv vere til stades her og no, og unn deg ei ekstra god seng, ei god spaoppleving og nydelege måltid som skaper gode minne for framtida.

Svinvik Gard
Smak på Trollheimen hos Svinvik Gard. Her er råvarene plukket, fisket og ystet rett utenfor døra. | © Lediard Foto

Spa i Møre og Romsdal

Sei JA!

Kanskje har du tenkt til å fri til kjærasten din? Kanskje treng de litt ro i lag? Eller eit actionfyllt minne de kan hugse for alltid? Sei ja til nye opplevingar i Møre og Romsdal. Frå rå fjordlandskap i Geiranger, Valldal, Hjørundfjord, Romsdal og Tingvollfjorden, og ut mot havet til Tustna, Runde, Herøy eller Ålesund.

Bli inspirert til fleire opplevingar i Møre og Romsdal