Hopp til hovedinnhold

10 tips til Norgesferien

Mellom Geiranger innerst i fjorden og Atlanterhavsvegen ytst på kysten, finn du både spisse tindar og speglblanke fjordar, brusande fossar og fargerike solnedgangar og glattslipte svaberg og ramsalt kystkyltur. Langs kysten og inn i fjordarmane ligg opplevingane i kø:

1. Unik overnatting og villmark i Aure og på Tustna

Søker du spesielle ferieopplevingar – også på natta? Då finn du heilt unike overnattingsstader på Tustna på Nordmøre. Her er både lun luksus, dufta av natur og kombinasjonen av desse. Øyriket heilt nord på Vestlandet gir deg mange moglegheiter til å fiske, og til å vandre i skjergarden eller opp i fjellet til instagramvennlege og lett tilgjengelege utsiktspunkt.

2. Både fuglekikking og havhopping på Runde

Ytst i havgapet, ikkje langt frå Ålesund, ligg øya Runde. Fugleentusiastar frå heile verda kjem hit, og du kan bestille lundesafari i sesongen. Til vanleg er det 150 menneske som bur på Runde, og i hekkesesongen frå april til august kjem fleire tusen fuglar til øya. Det er også rom for deg som ikkje vil kike opp i lufta, men dykke, fiske og teste ut coasteering i og under havoverflata. Du kan også overnatte her ute der salte vindar slår rundt hushjørna og du får solnedgangslys over stoveglaset.

3. Tog og tindar på Åndalsnes

Du treng ikkje reise til Alpane for å oppleve kvasse fjell. Ta toget til Åndalsnes. Her kan du teste ut fjellklatring og Via Ferrata, sykling og fiske, kajakk og SUP. Du kan òg besøke ei av dei eldste stavkyrkjene i Noreg, før du avsluttar dagen med eit fjord- eller elvebad. Den rå naturen gir rom for mange attraksjonar og aktivitetar på eit lite område. Tindehovudstaden Åndalsnes gir deg blant anna Trollveggen, Trollstigen, Rampestreken, Romsdalseggen og Litlefjellet. Du kan vandre og klyve sjølv, eller lene deg tilbake og nyte naturen frå The Golden Train eller Romsdalsgondolen.

4. Toppar og forteljingar på Søre Sunnmøre

Sør for Ålesund, og rett ut mot havet ligg eit høgreist øy- og fjellrike. Om sommaren blir det til eit mangfaldig festivallandskap. Spring maraton Fyr til Fyr, nyt Trebåtfestivalen i Ulsteinvik, dans på Sommarfesten i Fosnavåg og mor deg på Seinsommarfest på Hareid. Du kan også roe ned på idylliske Herøy kystmuseum, oppleve barske forteljingar frå fortida på Ishavsmuseet på Brandal eller la deg inspirere av samtidskunsten på galleriet Horisont. Du kan også svinge deg rundt i landskapet med bil, ferje, sykkel eller kajakk frå øy til øy, og gjerne opp på fjelltopp etter fjelltopp.

© Cecilie Hatløy/ visitalesund.no

5. Oppdagingsferd ved Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen slynger seg langs og over Atlanterhavet – ei av de farlegaste havstrekningane på Norskekysten. Vegen tar deg over øyar, holmar, hav, skjer og ei rekke bruer heilt frå fiskeværet Bud og 35 km nordover til Kårvåg på Averøya. Med blikket ut av vindauget kan du la tankane vandre tvers over verdshava, men opplevingane finns også her og no. Vegen blir faktisk til medan du stoppar. Bli inspirert til 7 friske opplevingar langs Atlanterhavsvegen som ventar på deg her i havgapet.

6. Elleville Valldal

Midt mellom Trollstigen og Geiranger finn du Valldal. Eller opplevingsbygda, som ho også kan kallast. Eller jordbærbygda, med sider-, frukt- og jordbærgardar. Her får du servert verdsarvfjord, urørte fjell og små og store eventyr. Valldal er staden for deg som likar å boltre deg på fjellet, i elva og med kajakk på fjorden – eller du som berre leitar etter stillheita og roa, der du kan kome i balanse før kvardagen bankar på døra att.

7. Røff natur for tøffingar i Tafjord

Tafjordfjella er inngangen til «villreinens rike» – Reinheimen Nasjonalpark. Med ein kjend naturguide får du gode historier om folk, kultur, krigar, fjell og natur. Ved fjorden kan kraft- og skredsenteret Ville Krefter vere spennande. Her kan du rappellere ned den 100 meter høge Zachariasdammen, slik som i Kompani Lauritzen. Vil du kome nærmast mogleg fjorden, so finn du fort ro i kajakken eller på SUP-brettet (Stand up paddle board). Frå den fredfulle UNESCO-verdsarvfjorden får du garantert med deg minnerike opplevingar heim.

8. Klippfisk og havgap ved Kristiansund

Du har kanskje høyrt gjetord om klippfisk og opera, men småbyen Kristiansund har meir å by på enn salt fisk og klassiske tonar. Her kan du fylle energilageret med å kombinere fysisk aktivitet og wow-utsikt på fjelltur med kultur, båtturar, klatring, bading, matopplevingar, uteliv og shopping. Frå toppen av sherpatrappene på Kvernberget ser du både bylivet og storhavet. På fine dagar ser du sola gå ned i Atlanterhavet. Her finst også eit breitt utval gode restaurantar, der du får kjenne smaken av ferske råvarer og lokale tradisjonar, som klippfisk.

9. Buldrande fossar og ro i fjella på Nordmøre

Reis til Sunndalsfjella og Trollheimen for å oppleve trolsk stemning på grensa mellom Møre og Romsdal og Trøndelag. Lat deg trollbinde av stader som Svartvatnet, Gråsjøen, Fagerlidalen og Trollhøtta. Når du vandrar i slike landskap vil du fort oppdage at verda er endå vakrare og villare enn kva historiene fortel. I Sunndal finn du nokre av dei største fossefalla i Europa, og her får du oppleve eventyret heilt på ekte.

10. Småbyferie i Molde

Om du legg reisa di til Molde er sjansen stor for at du får med deg fleire opplevingar på ein ferietur enn i dei fleste andre småbyar. Her ligg opplevingane tett, anten du søker luftige fjell som Midsundtrappene, ein lun fjord med både flytande sauna, kajakkturar og historiske øyer som Veøya, ope hav eller kosen som finst i byen. I Molde finn ein unik kombinasjon av kultur, natur, aktivitet og matopplevingar, her kan heile deg få det du treng av luft, rom og selskap.

Bli inspirert til fleire opplevingar i Møre og Romsdal