FjordKysten og Sunnfjord i vinterdrakt har ein klår stjernehimmel, frisk luft, dramatiske vinterstormer til strålande sol og perfekt skiføre. Vi inviterer til imponerande natur- og kulturoppelvingar med stor spennvidde. Her har du armslag for deg som vil utforske ein vill og uoppdaga del av Noreg!
Vintereventyret i Fjordkysten & Sunnfjord
Velkomen til den rå, ufiltrerte delen av Norge. Ein region der vinterstormane i Norskehavet møter fastlandet. På 2 timar kan du reise frå stormopplevingar i vest til puddersnø i dalane.
«Vi trur på mangfald. Kontrastar. Vi trur på nordavind og vestavind - på medvind og motvind»
Frå storm til snø
Når stormane i vest rullar over landet, så snør det i Sunnfjord, takka vere nærleiken til Jostedalsbreen. Sunnfjord er ei lite trafikkert perle, og er eit av områda i vårt fagre land med mest nedbør, perfekt for dei som jaktar pudderføre!
Toppar og dalføre i fleire retningar gjer at det alltid er mogleg å finne god snø og tilgjengelege sider, sjølv ein stund etter at snøen har falt. I Sunnfjord finn du eit variert terreng med nedkøyring av ulik vanskegrad, både for dei som er ferske på ski eller dei som ønskjer seg litt meir utfordringar.