Hopp til hovedinnhold

Hamna er særs lun på grunn av den gode moloen ved innseglinga, her ligg du svalt og roleg sjølv om det er nordavind. Gjennom kanalen inn til Hellandsfjorden har ein tilgang til den idylliske Hellandsfjorden, og inne i Port Steingard er det også ei fin sandstrand, og på andre sida av vegen (eller gjennom kanalen) er det også ei badestrand. Dette er to av dei 7 badestrendene som finst i Kråko Sjøhytteområde.

Gjestehamna er liten og triveleg. Kaiplass til ein eller to store båter på innsida av molo, plassar langs kaien inne med PS Bryggekafé. 

Det er ikke høve til å tinga plass, så ein må vera ute i god tid, spesielt om det er planlagt arrangement i Kråko den kvelden. Det vert arrangert konsertar o.l. gjennom heile sumaren. Straum kan du kopla deg på heile året, i sommarhalvåret er det vatn tilgjengeleg.

Ansgar Helland er "Hamnesjefen". Han sørger for at alt er på stell i gjestehamna, og kan svare på det meste du lurar på. Ta gjerne kontakt med han om du har spørsmål! Du når han på tlf. 476 75 054

Ved gjestehamna ligg PS Bryggekafé. Dei er ope kvar helg, og ope kvar dag i skuleferien. I skuleferien kan du også bestilla frukost i båten med ferske nybaka rundstykke og godt pålegg. Ta kontakt dagen før for å bestille frukost i båten! Ring tlf. 970 95 048. Den gode frukosten vert levert direkte i båten din mellom klokka 9-11 (du avtalar tidspunkt når du bestiller).

Næraste matbutikk er Spar Fitjar i Fitjar sentrum, ein kort båttur fra Kråko.

Havneavgift i Port Steingard Gjestehamn betalast via appen GoMarina, som kan lastas ned på telefonen.

Koordinatar: 59°53'37.7"N 5°16'57.3"E

Kontakt

Adresse:
  • 5419 Fitjar
Telefon:
+47 476 75 054
E-post:
post@ps-bryggekafe.no
Nettside:
ps-bryggekafe.no/gjestehamn/

Fasiliteter

Strøm:
Kafé:
Restaurant:
Sanitæranlegg:
Vannpåfylling:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Port Steingard gjestehamn?