Fitjar Fjordhotell har rom i ulike kategoriar, og du kan velja å bu i hovudbygninga eller i Elvafløy eller Midtfløy. Hotellet ligg sentralt plassert i Fitjar sentrum, like ved fjæresteinane.
Det er kort veg frå ferjestøet i Sandvikvåg på Stord, der ferja går til Halhjem, totalt ca 1,5 t til Bergen med bil/ferje.
Hotellet ligg også slik til at det er ein naturleg stopp på vegen mellom Stavanger og Bergen.
Konferansefasiliteter
Fine og praktiske lokalitetar med alt av nødvendig teknisk utstyr. Konferansesalen har plass til 70 personar og har tilknytta grupperom.
Kurs og teambuilding
Kursopphaldet kan bl.a. krydrast med revy, beat for beat, vinkurs, teambuilding, segltur med Seladon eller diverse fjellturar. Ta kontakt med hotellet for moglegheiter!