Hopp til hovedinnhold
Mangesmå runde lamper i taket i inngangspartiet på Hotel 1904
© Hotel 1904 Johan Holmquist/Styling Åshild Sævik
Dagsturar i Ålesund

Arkitektur og kunst i Ålesund og på Alnes

Opplev jugendstil og ulike kunstretningar i byen før du tar turen til Alnes fyr og opplevingssenter i havgapet. Avslutt med deilig mat omgitt av nordisk design og spennande kunst.

Ålesund

Rolig

6 timer

1

Jugendstilsenteret og KUBE

Bli kjent med jugendstil og kunst på Jugendstilsenteret og KUBE kunstgalleri. Prøv den populære tidsmaskinen og bli med tilbake i tid til bybrannen i 1904 og sjå korleis jugendstilbyen Ålesund reiste seg frå asken.

Stengt
Les mer
© Marius Bech Dahle
2

Ta bussen til Alnes fyr

Ta rutebussen til Alnes, smak dei berømte heimelaga kakene, besøk fyret og få ei kunstoppleving inkludert.

Alnes fyr står til venstre med røde og hvite farger, og opplevelsessenteret ligger til høyre med grønt gress rundt.
© Karl Otto Kristiansen
3

Kunstutstilling på Alnes

Alnes ligg på øya Godøy utanfor Ålesund. På Alnes Fyr og opplevelsessenter finn du flotte utstillingar av både kjende og mindre kjende kunstnarar. Til og med Dronning Sonja brukar kome på besøk her.

Stengt
Les mer
Utstillingsåpning på Alnes fyr og opplevelsessenter
© Karl Otto Kristiansen
4

Lunsj på Alnes fyr- og opplevelsessenter

Nyt den lokale kjøttsuppa eller smørbrød, men gløym ikkje å smake på dei berømte heimelaga kakene som Alnes Fyr er kjent for.

Stengt
Les mer
© Alnes fyr og opplevelsessenter
5

Kveldstur til Aksla

Avslutt dagen med ein tur til byfjellet Aksla. Få med deg den flotte utsikta og solnedgangen. Ikkje gløym det ikoniske bildet (eller selfie) på utsiktspunktet Rampestreken.

© Samuel Taipale / Visitnorway.com
6

Middag på Green Garden - Hotel 1904

I bakgården på Hotel 1904, finn du Green Garden, som er ein nydelig restaurant og espressobar. Her vert det servert frokost og lunsj og middag med sesongbaserte rettar omgitt av norsk kunst og design.

Åpent til kl 22:00
Les mer
© Hotel 1904/Invit