Hopp til hovedinnhold
Klatrer nyter utsikten i Ålesund Via Ferrata
© Ålesund Via Ferrata
Dagsturar i Ålesund

Leik og moro for heile familien ved byfjellet Aksla

Leik, frisk luft og moro! Større barn kan bli med og klatre via ferrata til Aksla. Mindre barn kan kose seg på leikeplassen like ved. Eller ta med alle saman opp dei 418 trappetrinna til Fjellstua, eller hopp i bassenga og skliene på Bybadet ved foten av Aksla

Ålesund

Litt aktiv

4 timer

1

Via Ferrata midt i byen

Ein ny måte å oppleve den flotte utsikta over Ålesund. Ein flott introduksjon til via ferrata og ein luftig tur over jugendstilbyen.

Stengt
Les mer
Ålesund Via Ferrata
© Simon Sjøkvist
2

418 trappetrinn

For dei som synst via ferrata er litt luftig så kan ein også gå opp trappene til byfjellet Aksla. 418 trappetrinn med utsiktspunkt undervegs.

To personer som går opp trapper og som ser på utsikten over Ålesund by.
© Arnfinn Tønnesen
3

Fjellstua 418, restaurant med utsikt

Kva er vel ikkje betre enn ein deilig lunsj med spektakulær utsikt? Fjellstua byr på både smørbrød, varme rettar, kaker og iskrem.

Stengt
Les mer
Nyt isen på terrassen
© Fjellstua
4

Vannspringdalen

Byfjellet Aksla byr på flotte turstiar, treningsmoglegheiter og leik. Dersom du går opp trappene, kan du for eksempel returnere til sentrum av byen ved å gå ned Vannspringdalen. Sjå etter skilt som viser vegen.

Utsikt fra Aksla over Ålesund
© Fjord Norway / Visit Norway
5

Bybadet

Kanskje fristar også det våte element? Då anbefaler vi Bybadet og innandørs badeaktivitet i deilige sydentemperaturer.

Stengt
Les mer
© Bybadet
6

Leikeplassen ved byparken

For dei minste er det også kjekt med leik og moro. Stor leikeplass i byparken med heilt nye apparater er ein fin plass og avslutte dagen.

© Marit Brunstad
7

Ta ei pause på Kulturhuset

Kulturhuset er ein fin plass å ta ei pause og møte lokale og andre besøkande til byen.