Hopp til hovedinnhold
© Oddgeir Visnes
Dagsturar i Ålesund

Oppdag Ålesund på ein halv dag

Har du berre nokre timar tilgjengeleg i Ålesund og vil oppleve både høgdepunkt og mindre kjende attraksjonar? Her er nokre anbefalingar.

Ålesund

Rolig

4 timer

1

Bytoget - sightseeing i Ålesund

70 minutt med ein rundtur i byen der du kan sjå mange av byens attraksjonar, inkludert eit stopp på byfjellet Aksla. Nyt utsikta og få med deg høgdepunkta på ein avslappande måte.

© Bytoget
2

Fiskerimuseet i Ålesund

Eit besøk på Fiskerimuseet ved sida av Molja fyr er ei reise gjennom fiskerihistoria. Frå tradisjonelle fiskemetodar til moderne høgteknologiske fartøy. På vegen til museet går du også forbi Jugendstilsenteret og KUBE. Musea tilbyr felles billett.

Stengt
Stengt for sesongen
Les mer
© Kristin Støylen
3

Byparken ved foten av Aksla

Frå Fiskerimuseet kan du gå til den grøne oasen Byparken. Her finn du statua av vikinghøvdingen Rollon. I sommar er også Parken Kulturhus ope enkelte dagar med aktivitetar, og det er startpunkt for dei 418 trappetrinna til Aksla.

© Marit Brunstad
4

Monumentet på Skateflukaia

Gå vidare ned igjen gjennom den vakre gågata til Skateflukaia, og heilt fram på piren ved monumentet over Englandsfarten. Her har du også fin utsikt.

© Iselin Francesca Flem
5

Turistinformasjon i Ålesund

Stikk gjerne innom turistinformasjonen for meir informasjon dersom du skal vere her lenger, om du vil kjøpe ei utflukt, eller om du vil planlegge neste tur.

Stengt
Les mer
© Sverre Hjørnevik