Hopp til hovedinnhold
© Tibe/visitalesund
Dagsturar i Geiranger

Opplev fossane i Geiranger

Geiranger er kjent for for dei spektakulære fossefalla som Dei sju systre, Friaren, Brudesløret og Storsæterfossen. Visste du at du kan til og med gå bak ein av dei?

Geiranger

Litt aktiv

7 timer

1

Følg Fosseråsa frå fjorden til Storsæterfossen

Fosseråsa går frå fjorden, opp langs fossen og elva til Norsk Fjordsenter, og vidare opp til Westerås, før du byrjar på siste etappe til Storsæterfossen. Du kan faktisk gå bak fossen!

© CH-visitnorway.com
2

El-sykkel til fjells

Syns du det blir for tøft å gå heilt frå fjorden og opp til Storsæterfossen? Leig ein el-sykkel så kjem du deg fort og enkelt opp til Westerås, før du går opp til fossen.

Stengt
Les mer
© Aurore Fourdin
3

Lunsj på Westerås Gard

Når du har kome ned frå Storsæterfossen så kan du ta ei velfortjent pause på koselege Westerås Gard med deilig mat, drikke og spektakulær utsikt.

© Hyke Studio
4

Fjordsafari til fossane

Fjordsafari er ein fin måte å oppleve UNESCO-fjorden på. Då kjem du tett på dei kjende fossane som Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. Kanskje er du også heldig og får sett ørn eller sel i fjorden.

© Explore Geiranger
5

Middag på Brasserie Posten

Brasserie Posten finn du nede ved fjorden, og her kan du site inne eller utandørs og nyte eksepsjonelt god mat laga av lokale råvarer. Her kan du også smake øl frå Geiranger og cider eller eplejuice frå Skarbø Gard på Stranda.

© Brasserie Posten © Tina Stafrén