Fossestien fylgjer gamle stiar opptrakka av dyr og menneske. Denne flotte naturstien fylgjer den eine hovedgreina av Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993 etter mange års strid. Fossestien er tydeleg merka med raud F, retningspiler, namneskilt og avstandar. Vandringa går vekselvis på sti, trebruer og klopper langs elva og i ulikt skogsterreng. På vegen vil du passere fleire stølsområde. Nedste delen har eit trangt juv med bratte sider som kan minne om ein liten canyon.
Fossestien
spring, summer, autumn
Sist oppdatert: 20.06.2024
© Visit FjordKysten
Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen. Stien strekkjer seg over 21 km med høgdeskilnad på 500 meter. På strekninga finn du 12 større fossar og 6 vatn.
Langestølen|© Lillian Herland
Vandre langs frodig vegetasjon
Fossestien går gjennom frodig vegetasjon med rikt dyre- og fugleliv, men også tett fordi kulturlandskap med aktiv gardsdrift. Du vil finne mykje skogsber og sopp av mange slag langs stien. Det er også kjø (aure) langs heile elva og i alle vatna.
© Visit FjordKysten
4 tilrettelagte startpunkt
Fossestien startar frå der du ønskjer, men det er 4 stader tilrettelagt med skilt, kart og parkeringar. Desse er:
- Torsnesstølen
- Longestølen
- Likholefossen
- Eldal
Kombiner vandring med overnatting
Flatheim og Hov Hyttegrend ligg flott til ved Fossestien og tilbyr overnatting. Hov Hyttegrend har også dagleg transportservice langs stien.
Kl. 10.00
Kr. 40,- per person
Tlf: 57 71 79 37
Takk for at du
- Let att grinda
- Heldt hunden i band
- Ikkje slengde frå deg søppel